Java 2 Micro Edition

Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Java 2 Micro Edition».

Java 2 Micro Edition (J2ME) er ei utgåve av Java-teknologien som er skreddarsydd for mobiltelefonar, kalkulatorar og annan forbrukarelektronikk i lommeformat. J2ME vart fyrste gong presentert under ein Java-konferanse i San Francisco sommaren 2000. Samtidig la Motorola fram dei fyrste handsetta som støtta plattforma.

Kombinasjonen av WAP (Wireless Application Protocol) og Java-teknologi gjev ei ideell løysing for mobilbrukarar som ynskjer interaktive tenester. I våre dagar har trådlause tenester bygt på Java-teknologi vorte teke i bruk over heile verda.

J2ME gjev mellom anna høve til å laste ned tredjeparts applikasjonar på vanlege mobiltelefonar. Soleis får forbrukarane høve til å oppdatere terminalane jamleg med nye spel eller innhald. Med J2ME har gamle arkadespelklassikarar som Asteroids og Frogger fått nytt liv – ikkje i spelehallen, men på mobilterminalen.

Bakgrunnsstoff endre