Javadoc er eit dataprogram-verktøy frå Sun Microsystems til å generera API dokumentasjon frå Java-kode til HTML-format. Javadoc er industri-standarden for å dokumentera Java-klassar.

Javadoc taggar endre

Utviklarar nyttar spesielle kommentar-stilar og Javadoc taggar når dei dokumenterer kjeldekoda. Ein kommentar i Java som startar med /** er starten på ein Javadoc-kommentar som vil verte inkludert i den genererte HTML'en. Ein Javadoc tag byrjar med "@" (krøllalfa). Nokre eksempel på taggar er gjeve i den følgjande tabellen.

Tag Beskriving
@author Namnet på utviklaren
@deprecated Markerer ein metode som ikkje i bruk.
@exception Dokumenterer eit unntak som vert kasta av ein metode — sjå òg @throws.
@param Gjev parametra til ein metode. Obligatorisk for kvart parameter.
@return Dokumenterer retur-verdien. Denne taggen skal ikkje brukast for konstruktorar eller metodar med returntype void.
@see Dokumenterer ein samanheng med ein annan metode eller klasse.
@since Dokumenterer når ein metode vart lagt til ein klasse.
@throws Dokumenterer eit unntak som blir kasta av ein metode. Eit synonym for @exception introdusert i Javadoc 1.2.
@version Gjev versjonnummeret til ein klasse eller metode.

Bakgrunnsstoff endre