Jean-Joseph Étienne Lenoir

Jean-Joseph Étienne Lenoir (12. januar 18224. august 1900) var ein fransk ingeniør og er kjend for å ha konstruert den fyrste fungerande direkteverkande forbrenningsmotoren med intern forbrenning, i 1859. Barsanti og Matteucci hadde rett nok eksperimentert med direkteverkande motorar, men kom til at atmosfæremotorar var å føretrekkja.

Jean-Joseph Étienne Lenoir

Fødd12. januar 1822
Mussy-la-Ville
Død4. august 1900
La Varenne-Saint-Hilaire
NasjonalitetBelgia, Luxembourg
Områdeteknologi, gas combustion engine, Totaktsmotor, Kullgass, automobile engine, skip, Telegrafi, teknologihistorie
Yrkeoppfinnar, teknikar, bilingeniør, skipskonstruktør, handelsmannn

Lenoir kom til verda i Mussy-la-Ville i Luxembourg (frå 1839 Belgia) og døydde i La Varenne-Saint-Hilaire, utanfor Paris. Han tok fransk statsborgarskap i 1870, og i 1881 vart han utnemnd til Chevalier de la Légion d’Honneur (riddar av æreslegionen).

Den fyrste motoren til Lenoir endre

 
Fig. 1 Lenoir-motor utstilt på Musée du Conservatoires des Arts et Metièrs i Paris.
 
Fig. 2 Gjennomskjering av ein Lenoirmotor.

I 1859 laga Lenoir ein motor med intern forbrenning, som gjekk på ei blanding av lampegass (kolgass) og luft. I november same året søkte han patent på motoren og fekk det innvilga i 1860. Motoren hadde eit dobbeltverkande stempel og fungerte ved at stemplet saug inn gass-luftblandinga under fyrste delen av arbeidsslaget. Om lag midtvegs vart innsugingsventilen stengd og gassblandinga vart sett fyr på av ein elektrisk gneiste. Det var difor berre under andre delen av arbeidsslaget at motoren utførte arbeid[1]. Kvart av dei to forbrenningskammra (eit på kvar side av stemplet), Fig. 2, hadde ei arbeidstakt per omdreiing, men motorane skilde seg termodynamisk frå totaktsmotorar, som arbeider etter ein Beau de Rochas- eller dieselsyklusen. Lenoir nytta sleideventilar, Fig. 2.

På grunn av at gass-luftblandinga ikkje vart komprimert før ho vart tend hadde motorane til Lenoir svært låg verkningsgrad. Den fyrste prototypen hadde eit turtal på 130 o/min [2], så det var naudsynt med eit stort svinghjul for å halda han i gang. Det vart nytta vatn som avkjøling, så Lenoir må òg reknast som oppfinnaren av vasskjøling.

Høgspenninga til den elektriske gneisten til tenninga vart generert av ein Ruhmkorff-transformator og Lenoir fann sjølv opp ein tennplugg, med porselenisolasjon. Lenoir demonstrerte motoren den 23. januar 1959 for eit tjuetals personar.

Praktisk bruk endre

  • Lenoir installerte ein av dei fyrste motorane sine i ei vogn, Fig. 3, som vart den fyrste bilen i historia som vart drive av ein motor med intern forbrenning. Lenoir demonstrerte denne bilen til pressa i 1860 [3]. Men på grunn av det høge gassforbruket (om lag 3 m³/hk-time) viste det seg å vera upraktisk å nytta denne motoren for vogndrift.
  • I mai 1860 vart ein Lenoirmotor på 4 hk installert i verkstaden til føretaket Levêque, i 35 de la rue Rousselet i Paris.
  • I 1861 vart ein Lenoirmotor, med ei effekt på 2 hk, montert i ein båt. Dette var den fyrste motorbåten i historia med internforbrenningsmotor. I 1865 vart ein Lenoirmotor, med ei effekt på 6 hk, montert i ein 12 m lang båt som høyrde til redaktøren i tidsskriftet Le Monde Illustré (den illustrerte verden). I eit par år var denne båten ein vanleg syn på Seinen om søndagane.

Flytande drivstoff endre

 
Bilen som Lenoir bygde i 1863.

I 1863 konstruerte Lenoir ein primitiv forgassar, slik at motoren hans kunne nytta flytande drivstoff. Same året bygde han ein ny bil med ein 1,5 hk motor og prøvekøyrde den på den 9 km lange strekninga mellom verkstaden sin i rue de la Roquette i Paris og Joinville-le-Pont. Turen tok tre timar, tur-retur.

Produksjon endre

I 1859 vart føretaket Société Lenoir-Gautier stifta, for å produsere motoren. Dette føretaket produserte 380 Lenoirmotorar før dei vart utkonkurrerte av dei meir effektive motorane til Nikolaus Otto og Eugen Langen.

Lenoir-motorar er utstilte på Musée du Conservatoires des Arts et Metièrs i Paris og på Deutsches Museum von Meisterwerken der Naturwissenschaft und Technik i München.

Andre patent endre

Lenoir tok òg patent på mange andre oppfinningar, som til dømes emaljering, ein forbetra metode for eloksering, elektriske bremsar, eit signalsystem for jarnvegane, overflatebehandling av glas, garving av lêr og tennpluggar til forbrenningsmotorar (i 1876).

Etterfylgjarane endre

Nikolaus August Otto bygde på erfaringane til Lenoir då han i 1862 starta utviklinga av ein firetaktsmotor med kompresjon, så sjølv om motoren til Lenoir viste seg for kostbar i drift la den grunnlaget for den vidare utviklinga av forbrenningsmotoren.

Kjelder endre

  1. Hütten, H., Motoren - Technik - Praxis - Geschichte, 10. utg., Motorbuch Verlag, 1897.
  2. Richard, M., Jean-Joseph Étienne Lenoir, Revue de la Société d'Entraide des Membres de la Légion de l'Honeur, Nr 107, mai 1990, ss. 16-18.
  3. History of Motor Vehicles, newreg.com. (vitja 17/4-2008)

Sjå òg endre