Jean-Max Bellerive

Jean-Max Bellerive (fødd 1958 i Port-au-Prince) er ein haitisk politikar som var statsminister i Haiti frå 2009 til 2011.

Jean-Max Bellerive

Fødd1958 (66 år)
Port-au-Prince
Statsborgar avHaiti
Yrkepolitikar
VervStatsminister i Haiti 2009-2011
FøregangarMichèle Pierre-Louis
EtterfylgjarGarry Conille
Alle verv
  • Haitis statsminister (2009–2011) Sjå dette på Wikidata

Den haitiske presidenten, René Préval, nominerte etter ordre frå senatet Bellerive til å erstatte tidlegare statsminister Michèle Pierre-Louis 30. oktober 2009. Dagen før stemde 18 av dei 29 senatorane i Senatet for å avsetje Pierre-Louis etter skuldingar om for dårlege resultat i leiinga av den økonomiske utviklinga i Haiti, ettersom ho òg var finansminister.

Bellerive er gift, og er far til to jenter. Som son av ein framståande lege forlét han heimlandet i svært ung alder for å studere i Sveits, Frankrike og Belgia. Han er utdanna innan statsvitskap og internasjonal politikk, og flytta tilbake til Haiti i 1986, rett før diktatoren Jean-Claude Duvalier vart styrta.

Kjelder endre