Jean Arp, fødd Hans Arp, (16. september 18867. juni 1966) var ein fransk-tysk bilethoggar, målar og diktar.

Jean Arp

Pseudonym Arp, Hans Peter Wilhelm, Arp, Hans Jean
Statsborgarskap Frankrike, Tyskland
Fødd 16. september 1886
Strasbourg
Død

7. juni 1966 (79 år)
Basel

Yrke kunstmålar, bilethoggar, lyrikar, skribent, designar, fotograf, smykkedesigner, teiknar
Språk fransk, tysk, elsassisk
Sjanger abstrakt kunst, stilleben
Medlem av Deutsche Akademie für Sprache und Dichtung, American Abstract Artists
Ektefelle Sophie Taeuber-Arp, Marguerite Arp
Jean Arp på Commons

Liv og gjerning endre

Skulptur laga av Hans Arp (1953) ved Ciudad Universitaria de Caracas

Arp var fødd i Strasbourg i Alsace. Han kom til verda i den perioden Alsace og Lorraine heitte Elsass-Lothringen og høyrde til Tyskland, og vart døypt Hans. Mora var frå Alsace og faren tysk. Etter første verdskrigen kom området atter under Frankrike, styresmaktene bestemte då at namnet Hans skulle byttast ut med Jean.

Arp fullførte kunststudiar i Strasbourg i 1904 og reiste til Paris. Der fekk han gitt ut sine første dikt. Han gjekk på kunstskule i Weimar 1905-07 og reiste i 1908 tilbake til Paris, der han studerte ved Académie Julian.

Under den første verdskrigen budde Arp i Sveits. Her var ein av grunnleggarane av Dada-rørsla i Zürich i 1916. I 1920 starta han ei dadagruppe i Köln saman med Max Ernst og den sosiale aktivisten Alfred Grünwald. Få år seinare stilte han ut saman med surrealistane i 'Galerie Pierre' i Paris i 1925.

Året etter flytta Arp til Paris. Han braut med surrealistane i 1931 for å lage ei ny rørsle kalla Abstraction-Création med tidsskriftet Transition som hovudorgan.

Frå 1930-åra og resten av livet gav han ut essays og poesi. Han flykta frå Paris til Zürich for å sleppe unna den tyske okkupasjonsmakta.

Arp hadde separatutstilling i New York og besøkte byen i 1949. Året etter fekk han bestilling på eit relieff til ein bygning ved Harvard University i Cambridge i Massachusetts. Han utførte også eit murmåleri til UNESCO-bygningen i Paris og vann hovudpremien for skulptur ved biennalen i Venezia i 1954.

Arp døydde i Basel i Sveits i 1966.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Surrealism Artikkel om tilkomsten av surrealismen (engelsk)