Jean Baptiste Joseph Fourier

fransk fysikar og matematikar

Jean Baptiste Joseph Fourier (21. mars 176816. mai 1830) var ein fransk matematikar og fysikar. Han er kanskje best kjend for å vere den første til å undersøkje Fourier-rekkjene og korleis desse kan brukast i samband med varmeoverføringar. Fouriertransformasjon og Fouriers lov er kalla opp etter han; oppdaginga av drivhuseffekten blir òg gjerne tilskriven Fourier. Han er også hugsa for å ha utvikla det franske vitskapsakademiet.

Jean Baptiste Joseph Fourier

FøddJean-Baptiste Joseph Fourier
21. mars 1768
Auxerre
Død16. mai 1830
Paris
NasjonalitetFrankrike
Områdematematisk analyse, matematikk, fysikk, afrikanske studier, historievitskap, arkeologi, matematisk fysikk
Yrkematematikar, fysikar, historikar, arkeolog, universitetslærar, funksjonær, ingeniør, skribent
InstitusjonarÉcole normale supérieure
École polytechnique
Universitetet i Grenoble
Alma materL'École normale
École normale supérieure
DoktorgradsrettleiarJoseph-Louis Lagrange
MedlemRoyal Society
Académie française
Kungliga Vetenskapsakademien
Det franske vitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Académie nationale de médecine

Liv endre

Joseph Fourier blei fødd i Auxerre i Bourgogne i Frankrike. Far hans var skreddar. Han vart tidleg foreldrelaus, men var gåverik, og vart oppteken som elev ved ein militærskule. Han hadde benediktinarmunkar som lærarar, og blei novise i ordenen.

I 1793 gjekk Fourier med i den franske revolusjonen som leiar for fleire lokale revolusjonære grupper. Han blei arrestert ei rekkje gonger for avvikande meiningar, og var nær ved å bli giljotinert då han blei redda av fallet til Robespierre. I 1795 blei han send til Paris for å utdanna seg til lærar ved École Normale Supérieure, og same året byrja han undervisa ved École Polytechnique.

Under napoleonstida fekk Fourier problem på grunn av den revolusjonære fortida si, men han fekk støtte av elevane sine. Han fylgde Napoleon som vitskapeleg rådgjevar under felttoget i Egypt, og vart utnemnd til fleire høge stillingar. Han var første leiaren av instituttet i Kairo, og blei guvernør for Nedre Egypt.

Tilbake i Frankrike blei Fourier utnemnd til prefekt i departementet Isère i 1801, og fekk tittelen baron 1808. Då Napoleon kom tilbake frå utlegde på Elba blei han utnemnd til prefekt i departementet Rhône, men blei avsett etter Napoleon sitt nederlag ved Waterloo i 1815. I 1816 nedla den nyinnsette franske kongen veto mot valet av Fourier som medlem av det franske vitskapsakademiet, men året etter gjekk han med på utnemninga. Som permanent sekretær fekk Fourier sterk innverknad på utvklinga av akademiet.

Matematikk endre

I 1822 gav Fourier ut Théorie analytique de la chaleur. Det er eit grunnleggjande verk innan funksjonsteorien med mange viktige bruksområde. Fourier viser her at alle periodiske funksjonar kan framstillast som ein sum av sinus- og cosinusfunksjonar. Verket byggjer på Newton si lov om nedkjøling, som går ut på at varmestraumen mellom to molekyl som ligg attmed kvarandre er proporsjonal med den forsvinnande vesle temperaturskilnaden mellom dei. I verket hevdar Fourier at einkvan funksjon av ein variabel, kva anten han er kontinuerleg eller diskontinuerleg, kan utvidast til ei rekkje sinusfunksjonar av produkt av variabelen. Sjølv om dette ikkje stemmer, var dette eit stort framsteg.

Fourier lanserte konseptet dimensjonal homogenitet i likningar, som inneber at ei likning berre kan vere formelt korrekt dersom dimensjonane svarar til kvarandre på kvar side av likskapsteiknet. Fourier utvikla òg dimensjonal analyse, som er ein metode å representere fysiske einingar, som velositet og akselerasjon, med dei grunnleggjande dimensjonane deira, masse, tid og lengd, for å finne tilhøva mellom dei.

Fourier etterlét seg eit uferdig verk om determinante likningar som Claude-Louis Navier redigerte og gav ut i 1831. Verket inneheld mykje originalt stoff, mellom anna eit prov av Fourier sitt teorem om posisjonen til røter i algebraiske likningar.

Bidrag til ettertida endre

Fourieranalysen spelar ei stor rolle i optikk, akustikk, signalhandsaming og bølgjelære. Variasjonane i tidevatnet kan t.d. framstillast ved fourieranalyse. Fourier skreiv òg likningsteori og sannsynsrekning.

Fourier får gjerne æra for å ha oppdaga drivhuseffekten etter at han i 1824, slo fast at gassar i atmosfæren kunne bidra til å heve overflatetemperaturen på jorda.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Jean Baptiste Joseph Fourier