Jean Cabut, med kunstnarnamnet Cabu (13. januar 19387. januar 2015), var ein fransk karikaturteiknar, avisillustratør, og teikneserieforfattar, fødd i Châlons-en-Champagne i departementet Marne og drepen under terroråtaket på vekeavisa Charlie Hebdo i Paris. Han tok del i utgjevingane av franske satireaviser som Hara-Kiri, Charlie Hebdo og Le Canard enchaîné, og i fleire underhaldnings- og debattprogram på fjernsyn.

Jean Cabut

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 13. januar 1938
Châlons-en-Champagne
Død

7. januar 2015 (76 år)
10 Rue Nicolas-Appert, 11. arrondissement

Yrke teikneserieskapar, karikaturteiknar, kunstmålar, teikneserieteiknar, skribent, illustratør
Born Mano Solo
Signatur
Jean Cabut på Commons

Jean Cabut fekk utdanning i kunst på École Estienne i Paris og tok til å publisere teikningar i ei lokalavis i 1954. Han vart antimilitarist med ein anarkistisk grunnhaldning etter at han hadde vore tvinga til å gjere to års krigsteneste i den franske hæren under krigen i Algerie, som gjekk føre seg i åra frå 1954 til 1962.