Jean Philippe Arthur Dubuffet (31. juli 190112. mai 1985) var ein fransk målar og bilethoggar. Han er kjend for sine verk i enkle og gjerne irrasjonelle former, noko han sjølv kalla for Art Brut.

Jean Dubuffet

Pseudonym Jan du qu, J. Dubufe, Louis-Léon Bendy
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 31. juli 1901
Le Havre
Død

12. mai 1985 (83 år)
6. arrondissement, Paris

Yrke kunstmålar, bilethoggar, biletkunstnar, skribent, designar, grafikar, kunstteoretiker, grafikar, plastic artist, bygningstegner, teiknar, filosof
Sjanger abstrakt kunst
Medlem av Collège de ’Pataphysique, Royal Academy of Arts
Ektefelle Paulette Bret, Émilie Carlu
Signatur
Jean Dubuffet på Commons
Signatur
Jean Dubuffet i 1960.

Liv og gjerning endre

Han var fødd og voks opp i Le Havre. I 1918 flytta han til Paris for å gå på Académie Julian, men slutta etter eit halvår for å studere vidare på eigenhand. Han var mykje oppteken av det som hende i verda, og gav opp kunsten ein periode frå 1924 til 1930, fordi «kunsten var død». Ved sidan av å arbeide i faren sin vinhandel, måla han litt innimellom, inntil han begynte for fullt i 1942. Første separatutstillinga hadde han i 1944. Han nærma seg surrealistane i 1948, og den såkalla patafysikken i 1954.

Påverka av Hans Prinzhorn si bok om kunsten til dei mentalt sjuke, lanserte Dubuffet omgrepet Art Brut på den kunsten som ikkje-profesjonelle outsiderar, som til dømes psykiatriske pasientar, fengselsinnsette og born laga. Han samla sjølv på slik kunst, verk av kunstnarar som Aloïse Corbaz, Alfredo Pirucha og Adolf Wölfli. Sjølv prøvde han å lage sin eigen kunst like uavhengig av normer som Art Brut, slik at arbeida hans framleis verkar primitive og barnlege.

Mange av arbeida hans er måla med oljefargar gjort til ein impasto, ved å sette til sand, tjøre og strå for å gje overflata ein særeigen tekstur. Frå 1962 avgrensa Dubuffet fargebruken til raudt, kvitt, svart og blått, og gjekk over til å nytte polyester til skulpturane som han då måla med vinylmåling. Han eksperimenterte også med musikk, og laga fleire innspelingar i lag med den danske målaren Asger Jorn tidleg på 1960-talet.

Dubuffet døydde i Paris i 1985.

Kjelder endre