Jeffrey Hammond (fødd 30. juli 1946), stundom kalla Jeffrey Hammond-Hammond, er ein engelsk musikar, mest kjend som tidlegare bassist for rockeband Jethro Tull.[1]

Jeffrey Hammond

Jeffrey Hammond med Jethro Tull i 1973
Fødd30. juli 1946 (77 år)
FødestadBlackpool i Lancashire i England
AliasJeffrey Hammond-Hammond
OpphavStorbritannia
Aktiv1971–1975
SjangerProgressiv rock, folkrock, hardrock
InstrumentBassgitar, vokal, blokkfløyte, kontrabass
Tilknytte artistarJethro Tull
Verka somMusikar

Hammond tok namnet «Hammond-Hammond» som ein spøk, sidan både faren og mora hadde dette slektsnamnet.[2] Han spøkte òg i intervju at mora hans valde å halde på pikenamnet sitt, akkurat som Eleanor Roosevelt.

Jethro Tull endre

Hammond møtte frontmannen i Jethro Tull, Ian Anderson, på skulen i Blackpool då han var 17 år gammal og dei starta etter kvart eit band i lag med framtidige Jethro Tull-medlemmar John Evan og Barriemore Barlow. Hammond ønskte å studere kunstmåling i staden for å halde fram med musikk, men vart overtalt til å bli med i Jethro Tull i januar 1971. Då Tull kledde seg ut på scenen, starta Hammond å gå med ein svart- og kvitstripa dress og spelte på ein liknande stripete bassgitar. Dette vart eit varemerke for han og Hammond brende dressen i desember 1975 då han slutta i bandet.[3]

Hammond spelar på følgjande album:

Han forlet bandet for å drive med kunst. Hammond vart erstatta av bassisten John Glascock, som var ein profesjonell musikar. Hammond måtte øve mykje for å kunne spele musikken til Jethro Tull og trass i at han var ein god ven av Ian Anderson krangla dei stundom om dette fordi øvingane varte og rakk.

Før han vart med i bandet verkar det som om Hammond var mykje med bandet i bakgrunnen. Ian Anderson skreiv songar om venen, som «A Song for Jeffrey» (frå This Was), «Jeffrey Goes to Leicester Square» (frå Stand Up) og «For Michael Collins, Jeffrey and Me» (frå Benefit). Hammond er òg nemnd i songen «Inside» på Benefit.

Hammond las opp det surrealistiske stykket «The Story of the Hare Who Lost His Spectacles» på albumet A Passion Play, og den tilknytte kortfilmen. Han var òg med på å skrive stykket i lag med Anderson og John Evan.

Kjelder endre

  1. Nollen, Scott Allen (2002). Jethro Tull: a history of the band, 1968-2001. McFarland. s. 82–. ISBN 978-0-7864-1101-6. Henta 15. september 2012. 
  2. Rees, David. Minstrels In The Gallery, 1998, ISBN 0-946719-22-5, s. 40.
  3. Rees, s. 70.

Bakgrunnsstoff endre