Jens Erik Fenstad

norsk professor og matematikar

Jens Erik Fenstad (15. april 193513. april 2020) var ein norsk matematikar. Han var professor og prorektor ved Universitetet i Oslo.

Jens Erik Fenstad
Fødd15. april 1935
Trondheim
Død13. april 2020
Bærum kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkematematikar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Academia Europaea

Fenstad var fødd i Trondheim. Han vart mag. scient. i 1959 og vart utnemnd til professor i matematisk logikk ved Universitetet i Oslo i 1968. Fenstad var prorektor ved universitetet frå 1989 til 1992.

Han var formann i Norsk Matematisk Forening og redaktør av Nordisk Matematisk Tidsskrift frå 1967 til 1972. Han var første formann i Abelstyret, president i International Union of History and Philosophy of Science og hadde fleire leiarverv i europeiske vitskaplege organisasjoner.[1]

Han gav mellom anna ut Th. Skolem: Selected Works in Logic og fleire avhandlingar i logikk, matematikk og lingvistikk.

Kongen utnemnde i 2011 Fenstad til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen sin for norsk forsking.[2]

Kjelder endre

  1. Dagfinn Føllesdal: Jens Erik Fenstad (1935-2020) - Minneord i Klassekampen 18. april 2020
  2. «Utnevnelser til St. Olavs Orden», kongehuset.no, 15. september 2011. Besøkt 15. september 2011.