Jens Ingebret Evensen (5. november 191715. februar 2004) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, diplomat, jurist, høgsterettsadvokat og domar innan folkerett ved folkerettsdomstolen i Haag.

Jens Evensen

Fødd5. november 1917
Christiania
Død15. februar 2004 (86 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, advokat
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
Utdanna vedHarvard Law School
Harvard University
Universitetet i Oslo
MedlemFolkerettsinstituttet
Alle verv
  • Norsk handelsminister (1973–1974)
  • Norges havrettsminister (1974–1978)
  • dommer ved Den internasjonale domstolen (1985–1994) Sjå dette på Wikidata

Karriere endre

I den fyrste tida med petroleumsverksemd i Noreg var han sentral i utarbeiding av reglar for verksemd på norsk kontinentalsokkel. Evensen forhandla fram Noreg si handelsavtale med EF i 1972.

Jens Evensen var deretter statsråd i Trygve Bratteli si andre regjering og Odvar Nordli si regjering.

Han var først sjef for Handels- og skipsfartsdepartementet, 16. oktober 1973-27. september 1974. Han vart deretter statsråd for Havrett og fiskerigrenser, 27. september 1974-15. januar 1976 i Trygve Bratteli si andre regjering, og heldt deretter fram i same verv i Odvar Nordli si regjering fram til 1. januar 1979.

«Gråsone»-avtala», mellom Noreg og Sovjetunionen om eit område i Barentshavet, var òg mykje hans verk.

"En av Evensens nærmeste og viktigste støttespillere i politikken var Arne Treholt", skreiv media.[1] Han var "statssekretær for ... Evensen da han ble havrettsminister fra 1976 til 1978", skreiv Store Norske Leksikon.[2] Treholt vart "i 1985 ... dømt for spionasje til fordel for Sovjetunionen og Irak. Treholt-saken forble en åpent sår i Evensens liv, og de to ble aldri forsonet", skreiv Dagsavisen.[1]

Utmerkingar endre

Litteratur endre

Kjelder endre

  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.