Jens Lauritz Arup

Jens Lauritz Arup (20. april 17939. april 1874) var ein norsk biskop, stortingsrepresentant og minister.

Jens Lauritz Arup

Fødd20. april 1793
Kristiansand kommune
Død9. april 1874 (80 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, prest
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Alle verv
Arup sitt gravminne på Gamlebyen gravlund

Arup var fødd i Kristiansand, og vart student frå skulen i byen i 1811. Same året byrja han å studere teologi i København. Året etter mønstra han i Antwerpen på som skipssekretær på eit fransk orlogskip med dansk-norsk mannskap. Etter han kom heim i 1813 arbeidde han som huslærar fleire stader, mellom anna i Porsgrunn og på Falster i Danmark. I 1816 tok han til att med studiar, og vart cand.theol. i 1818.

År 1819 vart Arup residerande kapellan i Ullensaker. Frå 1825 til 1845 var han prest i Drammen (Bragernes). Han tok til som residerande kapellan og lærar ved Drammen skule, før han i 1832 vart sokneprest i Bragernes. I 1845 vart han stiftsprost i Kristiania, året etter biskop i same stiftet. Sommaren 1860 krona han, som primas for den norske kyrkja, i Nidarosdomen Karl IV til konge i Noreg.

Arup var i motsetning til forgjengaren i Christiania, Christian Sørenssen, ingen utprega opplysningsteolog. Han uttala i eit hyrdebrev frå 1847 si glede over at «Rationalismens matte Prosa» hadde utspela si rolle i Noreg, og han meinte prestane forkynte «klarere, enfoldigere og mere utelukkende hvad der hører til Guds rike» (Molland, s.114). Arup skal også ha utmerkt seg som kyrkjeleg administrator.

Arup representerte Drammen på Stortinget i 1836, 1836-37, 1842 og 1845. I 1836 var han formann i tollkomiteen, 1836-37 medlem av bevilgningskomiteen. Han var i 1842 formann i kyrkjekomiteen, i 1845 i kyrkjekomite nr 1. I 1845 var han også formann i trykkekomiteen.

Som politikar fekk han mykje av æra for den, etter dåtidas standard, svært liberale dissentarlova som stortinget vedtok i 1845. Om liberaliseringa av kyrkelovgjevinga skreiv han til prestane i Christiania i 1847:

Vidnesbyrdet om Sanheden inden Kirkens enemærker er givet fritt; Forsvaret for den imod secteriske Afvigelser og Kjætterske Vildfarelse er alene lagt i Sandheden selv og dens rene og kraftige Forkyndelse; den verdslige Lov har borttaget sin Tvang og sin Straf. (Molland, s.185)

Han var også engasjert i spørsmålet om frihandel, og vert karakterisert som ein liberal politikar.

Arup var i 1843 medlem av ein kongeleg kommisjon om fattigvesenet. I 1859-60 var han formann i kyrkjekommisjonen. Han var medlem av dei norske interimsregjeringane 1852-53 og 1857.

St. Olavs Orden vart stifta 21. august 1847 vart utnemnd til riddar av ordenen. I 1853 vart han forfremja til kommandør og i 1860 mottok han storkorset. Han vart tildelt Borgardådsmedaljen i 1869.

Kjelder endre