Jens Tvedt

norsk skribent

Jens Johannesson Tvedt (fødd 14. juni 1857 i Kvinnherad, død 2. september 1935 i Stavanger) var ein norsk forfattar som for det meste skreiv på nynorsk.

Jens Tvedt

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. juni 1857
Kvinnherad kommune
Død

3. september 1935 (78 år)
Stavanger kommune

Yrke lærar, skribent
Språk norsk
Jens Tvedt på Commons

Biografi endre

Barndom endre

 
Omvikdalen. Delar av Tveito kan skimtast som ein av dei øvste gardane i venstre biletkant.

Jens Tvedt var son av av fanejunker Johannes Johannesson Tvedt frå Tveito (1817–1918) og Kristi Jensdotter Lund (1819–85) frå Øye på Snilstveitøy og vart fødd på garden Tveito i Omvikdalen i Kvinnherad kommune i Sunnhordland.

Faren hadde fleire verv i heimbygda: han var herads-, skule- og soknekasserar, sparebankrevisor, takstmann og overformyndar og mykje anna. Som ein av de fyrste i bygda tinga han på tidsskrift og kjøpte bøker. Han var ein konservativ tru tenar av svenskekongane frå Karl XIII og framover, og tolde ikkje å høyre nokon nemne partiet Venstre. Jens Tvedt drøfta difor aldri politikk med faren, og for å ikkje såra han heldt han fast på namnet Tvedt i staden for å ta tilbake det eigentlege familienamnet Tveit.[1]

Både farfaren og farmora til Jens Tvedt døydde relativt unge, men den yngre broren til farfaren, Nils, var ein god erstattar. Han var ein klok og arbeidsam haugianar som var flink til å fortelje segner og eventyr. Ei av inntektskjeldene til Nils var bokbinding, og han lærte guten denne kunsten slik at han var i stand til å tene sine første skillingar som bokbindar for presten og «baronen» i Rosendal.[2]

Oppvekst og utdanning endre

 
Barndomsheimen til Jens Tvedt

Sidan faren ikkje var bonde slapp Jens Tvedt unna det daglege slitet på garden, og nytta den ledige tida til å skrive små forteljingar. I 1872 fekk han eventyret «Hvorledes bjørnen ble stubbrumpet» inn i bladet For hjemmet og skolen, seinare nokre soger i Vårblomsten og Børnenes blad. Han skreiv òg handskrivne blad som han i starten delte ut gratis. Desse skriftene er interessante sjølv i dag av di dei gjev eit godt inntrykk av livet på landsbygda i den andre halvdelen av 1800-talet. Etter kvart vart han temmeleg uvøren i omtalen av personar og tilhøve i dalen, så faren la til slutt ned forbod mot meir bladfykverksemd og kravde at sonen hjelpte til med rekneskap og skriving og tok han med seg på utskiftingsreiser. Om kveldane gjekk Jens Tvedt på ein skule som ein halvstudert bondeson heldt for ungdomane i dalen. Seinare kom han inn på ungdomsskulen til «baron» Rosencrone. For å tene nokre slantar arbeidde han på handelslaget i Rosendal og vart seinare kontorist hos lensmannen, futen og skrivaren.[3]

I 1876 byrja den nitten år gamle Jens Tvedt på Stord seminar. Medelevane var bondegutar, blant dei personlegdomar som Lasse Trædal, Absalon Taranger og Oddmund Vik. Sistnemnde stifta eit mållag, og Tvedt gjekk snart over frå å skrive bokmål til å verte ein ihuga nynorskmann. Dei to åra han gjekk her var han redaktør for den handskrivne Gjengangeren.[4]

Lærar og bibliotekar endre

Hausten 1878 vart Tvedt tilsett som vikar ved folkeskulen i Fana og første halvåret 1879 i Mauranger. På denne tida trefte han Knut Hamsun, som den gongen var ein ukjend forfattar med berre Den gaadefulde bak seg. Tvedt fortel at Hamsun las høgt frå det som var favorittforfattaren hans på den tida, Magdalene Thoresen, for å freista å overtyda den tvilande Tvedt om at ho var «tilbedelse verd». Tvedt såg spira til Hamsun si psykologiske dikting i dei argumenta han førte fram for diktinga hennar: «Hun ville ingen ting. Hun diktet ikke for diktningens skyld. Hun fortalte ikke merkverdige hendelser, men om de fine rørelser i menneskesjelen, mens sprog og form og tone smeltet sammen til et stemningsrikt dikt.»[1]

Hausten 1879 fekk Tvedt tilsetjing som lærar i heimbygda Omvikdalen. Her stifta han eit samtalelag som held ei rekkje tilskipingar med ganske utførlege referat. Emna for debattane fortel mykje om kva folk var opptekne av på den tida: «Prylestraff i skolen», «Gymnastikk i skolen», «Dødsstraff eller ikke», «Kongedømme og republikk», «Kortspill og dans», «Jenteskolene» osb. Når det var snakk om jenteskular var nesten alle mot. Jens Tvedt hadde ynskt å reinska ut gammalt tankegods frå bygda, men det sat for godt fast i folkesjela, og til slutt gav han opp. I 1882 vart han tilsett som lærer ved Storms mellomskole i Stavanger, og no først gjekk det opp for bygdefolket kva for ein lærar dei hadde hatt. Særleg tok skoleungane det tungt at den akta og milde læraren slutta; «ungane gret som dei skulle vera dengde» sa ein av tilsynsmennene som var til stades under avskilsmøtet med elevane.[5]

Tvedt kom godt ut av det med elevane i Stavanger òg. Fysisk avstraffing unngjekk han så sant han kunne i ei tid då politiet kunne sende bod om at den og den skulle ha pryl for eit eller anna lovbrot. Straks han hadde starta opp ved Storm skole gjekk han i gang med å stifte bladet Heimdal, som hadde vaksen ungdom som målgruppe. Han fekk med seg nokre yngre lærarar, mellom dei Karen Sundt, som medarbeidarar. I starten skreiv han om lag ein tredel av innhaldet, etter kvart fall medarbeidarane frå, og etter eit halvt år sat Tvedt åleine med arbeidet. Likevel heldt han det gåande i to og et halvt år til.[6]

Jens Tvedt var lærar fram til 1899. I 1885 vart han tilsett ved Stavanger bibliotek, i 1901 vart han sjefsbibliotekar, ei stilling han hadde livet ut.

Privatliv endre

1. juni 1884 gifta Jens Tvedt seg med Gudrun Gjøstein, søster av politikaren Ole Georg Gjøsteen. Dei fekk tre born i lag, ei dotter og ein son voks opp.[7] Kona døydde i 1904. Tvedt tok dette tapet svært tungt, og av di ho hadde vore ein god rådgjevar og medhjelpar kom bøkene hans sjeldnare etter dette. Tvedt gifte seg opp att i 1906 med Betty Andersen. Dei fekk ein son saman.[8]

Opp- og nedturar. Siste år endre

Frå 1919 fekk Tvedt statens forfattarløn på kr 1600 året,[9] ei påskjøning han sette stor pris på.

Den gamle generasjonen i heimbygda motarbeidde Jens Tvedt, mange tykte dei kjende seg att i bøkene hans, og nokre meinte dei vart gjort narr av. Det var jamvel snakk om rettsleg oppgjerd frå eit par, men søksmålet rann ut i sanden då advokaten deira ikkje fann gode nok prov på ærekrenking.[10]

Etter kvart voks det fram ein generasjon som innsåg kva «Hauga-Jens» sine bøker hadde gjeve dei, og sommaren Tvedt fylte 65 år, inviterte ungdomslaga i Kvinnherad han til stemne i heimbygda. To tusen møtte opp i Omvikdalen 22. juni 1922 for å heidra han.[10] I ein tale til møtelyden sa han mellom anna: «Men det skal sambygdingane mine vita at alltid når eg drøymde og dikta, var det Kvinnherad og Omvikdalen som sette tone til.»[11]

Etter 1928 kom det ikkje fleire bøker frå Jens Tvedt. Den einaste stunda han hadde tid og ro til å skrive var på natta, og no var helsa veikna så mykje at han ikkje orka meir. Dei siste åra var han mykje sjuk, og då bysta av han vart avduka på 75 års-dagen makta han ikkje å vera til stades.[12]

Tvedt var vonbroten over at bøkene hans ikkje kom i nye opplag, mange var ikkje å få i handelen lenger. Eit lysglimt var ein freistnad stavangermannen Jakob Dreyer gjorde for å gje ut ei samla utgåve av Tvedt sine verk, men det var lite pengar hos folk i trettiåra, og interessa var ikkje stor nok til at det planlagde praktverket kunne bera seg, så tiltaket vart stansa.[12]

Forfattarskap endre

 
Omslaget til Asallbær frå 1917

I 1885 kom den første boka, novellesamlinga Inn i fjordarne, etter det Skuggar og solglytt (1886), Kjærleik (1887) før gjennombrotet kom med boka Nybrot (1888). Så langt hadde han gjeve ut bøkene sjølv, men Vanheppa (1891), som vert rekna som ei av dei viktigaste bøkene hans, kom ut på Mons Litlerés forlag. Tvedt gjekk no inn i si beste tid som forfattar, mellom anna med Madli und' apalen (1900) og Djup jord (1904), sistnemnde med handling frå første halvdelen av 1800-talet og den einaste historiske romanen hans.

Totalt skreiv han 25 bøker. Sjølv om han budde 50 år i Stavanger er miljøet henta frå eit fjordlandskap som minner om barndomens Sunnhordland. Også språket var henta frå heimstaden.[13]

Det har vore drøfta om diktinga til Tvedt er heimstaddikting. Professor Idar Stegane hevdar i etterordet til «Guds løn» som kom ut på Samlaget i 1980 at Tvedt var ein av dei mest framståande representantane for denne litterære sjangeren. Andre hevdar at Tvedt sitt forfattarskap er realistisk.

Jens Tvedt vart ikkje rik av forfattarverksemda. Sjølv skreiv han: «Pengar har eg støtt hatt lite av, dei treivst ikkje i lag med meg. Dei vanvyrde skrivingi mi over all måte.»[14] Arne Espeland fortel at Jens Tvedt vart tilkalla til Gyldendal og fekk spørsmål om han hadde lyst til å bli rik. Tvedt kunne ikkje nekte for at det freista, men undra seg på korleis det skulle gå til. Svaret var at om han skreiv på bokmål var Gyldendal viljug til å gje ut bøkene hans og lova dei aktiv marknadsføring. Espeland skriv: «Då reiste Jens Tvedt seg frå stolen, knappa frakken, bukka stivt og gjekk rak i ryggen ut gjennom døra.»[15] Fleirtalet av folket i Noreg las ikkje nynorsk, så prinsippa til Tvedt kosta han dyrt i form av tapt inntekt, ein lagnad han hadde sams med andre nynorskforfattarar frå same tid, til dømes Arne Garborg.

Ettermæle endre

I samband med den tilstundande 75-års dagen til Jens Tvedt måla stavangerkunstnaren Thoralf Gjesdal eit stort bilete av forfattaren som Gjesdal seinare skjenka Stavanger bibliotek. På same tid fekk Staale Kyllingstad i oppdrag å lage ei byste av diktaren som for ein stor del vart finansiert gjennom kronerulling i Stavanger. Bysta vart avduka under ei samkome i biblioteksparken i Stavanger på sjølve dagen 14. juni 1932. Hans Seland heldt tale ved avdukinga og sa mellom anna:

Du sette skilje i norsk folkelivsskildring. Når du fortalde, sanna alle at såleis er det, no er det rett og sant skildra. Du førde levande talemål inn i bokheimen vår, og all tilgjord litterær målføring fekk ulivssår.[16]

I dag står bysta ved inngangen til Stavanger kulturhus. Sambygdingane i Omvikdalen samla inn pengar til ein kopi og sette den opp ved ungdomshuset i bygda med avduking 31. juli 1953.[17] 23. juni 1957 skipa Hordaland ungdomslag til eit stemne i Omvikdalen der hundreårsdagen til Jens Tvedt vart markert og til dels kringkasta.[15]

Ei gate på Kampen i Stavanger er oppkalla etter Jens Tvedt. Han var Årets Stavanger-forfattar 2005, kåra av Stavangerbokens venner.

Arne Garborg skreiv om Jens Tvedt i dagbøkene sine:

Berre to mann i landet har skrive norsk: Ivar Aasen og Jens Tvedt, og sume andre når dei retteleg var i godmølet. … Rikt, varmt og fint, utan bråk og fusk, får han fram det fagre i livet. Det er ikkje dei store hende han skildrar. Han lagar ikkje teater, han er ikkje nokon minesprengjar. Diktingi hans minner om bundingen som maske for maske veks mellom trottige fingrar. Ein les og lyer til tonane hans som var det huldreslått, der han steg for steg gjennom stilslege naturskildringar leier oss inn til botnen av sjelelivet hos mann og kvinne.[18]

Hjalmar Christensen skriv i Vårt litterære liv:

Hva der er det særlig imponerende hos Tvedt, det er at hans drøye, jordluktende realisme er så inderlig sammenvevet med hans skjønnhetsglede.
Knapt noen norsk dikter har skildret det vestlandske landskap i sol og væte, den hvite vestlandske juninatt, og den sure, tåkegrå høstdag, med de farger, den kjærlighet og den kunstneriske finhet som han.
Han elsker alt vakkert i menneskenaturen, og han vet å finne den.[18]

Knut Hamsun skreiv 26. februar 1939:

Det må komme en samlet utgave av Jens Tvedts beste bøker. Han var en folkelivsskildrer av rang, ekte i sin kjensle og trøysom i sin fortellermåte. Ingen vil angre på å lese ham.[18]

Sigurd Meidell var ein varm talsmann for Jens Tvedt. Han skriv om inntrykket forfattaren gjorde på han under ein utfart til ein gammal handelsstad i Hordaland:

Han ble så levende opptatt av miljøet, fór høyt og lavt og suget inn inntrykk, at hans reaksjon vakte alminnelig oppmerksomhet, og det begynte å gå opp for meg hvorledes opplevelse virket på et diktersinn.[18]

Verkliste endre

  • Inn i fjordarne : Forteljingar, 1885, Eige forlag, Stavanger
  • Konstanse : ei ung kvindes historie, 1886, Eige forlag, Stavanger
  • Skuggar og Sol-glytt : Forteljingar, 1886, Eige forlag, Stavanger
  • Li-presten : original fortælling, 1886, Eige forlag, Stavanger
  • Kjærleik : ei forteljing, 1887, Eige forlag, i kommisjon hjå Mons Litlere, Bergen
  • Nybrot : forteljing, 1888, Eige forlag, i kommisjon hjå Mons Litlere, Bergen
  • Hamna-Tjonet : forteljing, 1889, Eige forlag, i kommisjon hjå Mons Litlere, Bergen
  • Hamnajenten : Fortæljing, 1890, J. Andersson, Chicago
  • Tengill Hovda : forteljing, 1891, Mons Litlere, Bergen
  • Vanheppa : forteljing, 1891, Mons Litlere, Bergen
  • Laurdagskveld til støls : spelstykkje, 1892, Bergen
  • Godmenne : Forteljing. 1893, Mons Litlere, Bergen
  • Etterrakster : gamle og nye stubbar, 1893, Mons Litlere, Bergen
  • Velaug : Boki um Elskhug, 1894, Mons Litlere, Bergen
  • Brite-Per : Forteljing, 1895, Mons Litlere, Bergen
  • Straum-gir : fyrste Fortelnaden um Knut Eik, 1896, Mons Litlere, Bergen
  • Hamskifte : andre Fortelnaden um Knut Eik, 1897, Feilberg & Landmark, Kristiania
  • Madli und' Apalen : ei soga, 1900, Norli, Kristiania
  • Ramnagrø : forteljing, 1900, Norli, Kristiania
  • Djup jord, 1904, Norli, Kristiania
  • Guds løn : andre soga um Madli und' Apalen, 1906, Norli, Kristiania
  • Haavard Brittanius, 1908, Norli, Kristiania
  • "Kraaka", 1909, Norli, Kristiania
  • Jardtrud Gilurdi, 1912, Norli, Kristiania
  • Blomstøls-sumaren, 1915, Norli, Kristiania
  • Asallbær : smaa-sogor, 1917, Norli, Kristiania
  • Vanheppa : fyrste soga um Per Dosi. 1920, Norli, Kristiania (omvølt utgåve av boka frå 1891)
  • Ættarvende : Nesja-tye og Heljesane, 1923, Norli, Kristiania
  • Brite-Per : andre soga um Per i Dosi. 1924, Norli, Oslo (omvølt utgåve av boka frå 1895)
  • Godmenne, 1927, Norli, Oslo
  • Laam og leid : ættarvende : andre boki, 1928, Norli, Oslo


Litteratur endre

Hovudoppgåver
  • Ertresvåg, Ann-Elisabeth
Bygdeliv og kvinneliv : en sammenlikning av Jens Tvedts romaner Madli und'Apalen og Guds løn og Johannes Hegglands romaner Guds husfolk, Karjana og Lyhamar / Ann-Elisabeth Ertresvåg. - [Oslo] : [A.-E. Ertresvåg] , 1992 - 128 bl. -Hovedoppgåve - Universitetet i Oslo, 1992
  • Helgheim, Eli
Det halvt vaagne, det vegitative velbefindende : eit forsøk på nylesing av delar av Jens Tvedts forfattarskap / av Eli Helgheim. - Bergen : [E. Helgheim] , 1991 - 122 bl. -Hovudoppgåve i nordisk - Universitetet i Bergen, 1991
  • Mangen, Kristin
Miljøskildring og fortellerkunst i Jens Tvedts roman Madli und' apalen (og i fortsettelsen Guds løn) / Kristin Mangen. - Oslo : [K. Mangen] , 1973 - 51 bl. -Hovudoppgåve i nordisk - Universitetet i Oslo, 1973
  • Jansen, Karin Elisabeth
Menneskeskildring og problemstillinger i Jens Tvedts roman Vanheppa (og i fortsettelsen Brite-Per) / Karin Elisabeth Jansen. - Oslo : [K.E. Jansen] , 1973 - 59 bl. -Hovudoppgåve i nordisk - Universitetet i Oslo, 1973

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Jens Tvedt i Stavanger Avis 23. mars 1891, referert i Espeland, s. 57f
  2. Espeland, kapittel IV
  3. Espeland, kapittel V
  4. Espeland, kapittel VII
  5. Espeland, kapittel IX
  6. Espeland, kapittel X
  7. Espeland, kapittel XIII
  8. Espeland, kapittel XV
  9. Espeland, kapittel XX
  10. 10,0 10,1 Espeland, kapittel XVIII
  11. Referert i Espeland, s. 149
  12. 12,0 12,1 Espeland, kapittel XIX
  13. Eirik Helleve, Jens Tvedt (13. februar 2009), Norsk biografisk leksikon
  14. Referert i Espeland, s. 167
  15. 15,0 15,1 Espeland, s. 168
  16. Referert i Espeland, s. 160
  17. Espeland, s. 161
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 Referert i Espeland, s. 166f

Bakgrunnsstoff endre