Sideritt

(Omdirigert frå Jernspat)

Jernspat eller sideritt er eit gulgrått til brunt mineral som består av jernkarbonat FeCO3. Det krystalliserer trigonalt og tilhøyrer kalsittgruppa. Det forvitrar lett til limonitt. Sideritt inneheld teoretisk 48 % jarn, men då det dannar blandkrystallar med dei tilsvarande magnesium- og mangankarbonat (isomorfi), vil jerngehalten i røynda vere mindre på grunn av substitusjon av desse metalla. Einskilde stader er sideritt ein viktig jernmalm, t.d. i England og Austerrike. Han opptrer i sedimentære bergartar, gjerne saman med skifer og kolfløtsar. Ureine siderittmalmar er leirjernstein og koljernstein. Mineralet finst òg på hydrotermale ertsgangar, ofte i vene krystall.

Sideritt

Sideritt frå Brasil
Generelt
KategoriKarbonatmineral
Kjemisk formelFeCO3
Strunz-klassifisering05.AB.05
Dana-klassifisering14.01.01.03
Identifikasjon
Fargebleik gul til gyldenbrun, grå, brun, grøn, raud, svart og stundom nesten fargelaus
KrystallformSøyleforma krystallar, ofte kurva - botryoidal til massiv
KrystallsystemTrigonal - Heksagonal ulikesida (3 2/m)
TvillingLamellar er uvanleg på {0112}
Kløyvperfekt på {0111}
BrotUjamn til muslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala3.75 - 4.25
Glansglasaktig, kan vere silkeaktig til perleaktig
StrekfargeKvit
TransparensGjennomskinneleg til subgjennomskineleg
Spesifikk vekt3.96
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (-)
Brytingsindeksnω = 1.875 nε = 1.633
Dobbeltbrytingδ = 0.242
Dispersjon (spreiing)Kraftig
Kjelder[1][2][3]

I Noreg er mineralet funne i BrevikBambletrakten.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre