Jerry Chih-Yuan Yang (fødd 6. november 1968) er ein taiwansk-amerikansk gründer som var med på å starte søkemotoren Yahoo!, og ein av verdas rikaste menn.[1] Han har vore styremedlem i mellom anna Alibaba, Cisco og Yahoo![2]

Jerry Yang

Verkeleg namn kinesisk 楊致遠, pinyin Yáng Zhìyuǎn
Statsborgarskap USA
Fødd 6. november 1968 (55 år)
Taipei
Yrke gründer, informatikar, forretningsdrivande, kunstsamlar
Formue 1 800 000 000 US-dollar
Medlem av Committee of 100, styre
Ektefelle Akiko Yamazaki
Jerry Yang på Commons

Yang blei fødd i Taipei i Taiwan, men flytta til San Jose i California då han var ti år gammal. Mora hans var enkje og åleineforsørgar for han og veslebroren. Han studerte ved Stanford University, der han saman med medstudenten David Filo laga hobbyprosjektet som skulle bli til nettportalen og søkemotoren Yahoo![1]

Jerry Yang blei dollarmilliardær som 29-åring i 1997. I fylgje magasinet Forbes hadde Yang i 2002 ei formue på omkring 730 millionar amerikanske dollar. (ca. 4,6 milliardar norske kroner). I 2007 gav han og kona Akiko Yamazaki 75 millionar dollar til Stanford University, som begge hadde studert ved, til å bygga «Jerry Yang and Akiko Yamazaki Environment and Energy Building», kalla Y2E2.[3]

Kjelder endre

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 #317 Jerry Yang ved forbes.com (2010)
  2. crunchbase.com
  3. «Hennessy outlines ‘green’ building plans» ved news-service.stanford.edu (2008)
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.