Bailiwick of Jersey (engelsk)
Bailliage de Jersey (fransk)
Det e flagget
Det e riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Geografisk plassering av Jersey
Offisielle språk Engelsk, fransk, jèrriais (regionalt)
Hovudstad Saint-Hélier
Styresett
Hertug
Viseguvernør
Chief Minister
Monarki
Charles III
Sir Tim Le Cocq
Lyndon Farnham
Flatevidd
 - Totalt
 - Del vatn
 
118,2 km²
0 %
Folketal (2004)
 - Tettleik
90 502
Status Britisk kroneigedom
underlagt den britiske krona 1204
Valuta Jersey-pund
(likestilt med britisk pund)
Tidssone UTC
Nasjonalsong «Ma Normandie», «God Save the King»
Nasjonaldag Frigjeringsdagen, 9. mai
Internasjonal telefonkode +44-1534


Jersey er ei øy i Den engelske kanalen utanfor kysten av Normandie i Frankrike. Jersey er del av øygruppa Kanaløyane, som igjen er del av den større øygruppa Dei britiske øyane. Jersey er, på same vis som Isle of Man, formelt ikkje ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland (UK). Jersey er direkte lagd inn under den britiske monarken, som ein kroneigedom. Utanrikspolitikk og forsvarspolitikk vert for det meste teke hand om av britiske styresmakter.

Bailiwick of Jersey omfattar i tillegg små øygrupper som ikkje lenger er busette, Minquiers, Écréhous og Pierres de Lecq[1] i tillegg til andre holmar og skjer.

Jersey er ikkje eit fullt medlem av Den europeiske unionen, men er ein del av tollområdet i EU.[2]

Politikk endre

Jersey er ein bailiwick (futedøme) med kong Charles III som statssjef. Kongen er representert i futedømet av ein viseguvernør. Det lokale styringsorganet er States of Jersey, som består av futen (Bailiff) og visefuten, 55 valde medlemer og tre ex officio-medlemer utan røysterett. Dei valde medlemene er: 12 senatorar (valde kvart 6. år), 12 heradsoverhovud (valde kvart 3. år) og 29 representantar (valde kvart 3. år). Medlemer ex officio er: domprosten, generaladvokaten og generalsakføreren (alle utnemnde av monarken).

Jersey har ingen politiske parti og ingen statsminister. Futen fungerer som formann både for styringsorganet og den kongelege domstolen.

Historie endre

Historia til øya Jersey er prega av den strategiske posisjonen mellom den nordlege kysten av Frankrike og sørkysten av England. Den nedskrivne historia til øya strekkjer seg over tusen år.

Det er vorte funne spor mange stader på øya etter både bronsealder- og jernalder-busetnader. Medan ein har arkeologiske funn frå romartida, spesielt på kysten ved Le Pinacle, Les Landes med funn av ein enkel struktur som ein meiner har vore romersk tempeldyrking (fanum), har spor etter romersk busetnader vore vanskelegare å påvise.[3]

Under kontroll av Bretagne og med namnet Angia (òg skrive Agna)[4] vart Jersey påverka av norrøne invasjonar og busetnader frå 800-talet og framover, og øya har sidan vore rekna som ei av dei normanniske øyane.

Namnet «Jersey» har truleg norrønt opphav, sidan endinga «ey» er norrønt for øy og tilsvarande namn finn ein fleire stader nord i Europa. Første stavinga «Jers» er derimot vanskelegare å finne opphavet til. Av dei kreative framlegga finst teorien at det er avleidd frå jarth, norrønt for jord, eller den norrøne tittelen jarl, men kan òg ha vore eit personleg namn som Geir, noko som opphavleg vil ha gjeve namnet «Geirsøy», sidan forvanska til Jersey.[5]

Støtte for eit keltisk namneopphav kan bli gjort frå det galliske gar (eik), ceton (skog). Det har òg vorte påstått at namnet er ei forvansking av det latinske Caesarea, namnet til romarane på øya, som har vorte påverka av den gammelengelske endinga ey for øy. Dette er berre mogeleg om den lokale uttalen av latinske Caesarea ikkje vart uttalt kaisarea, men tfersarea.[6][7]

Øya vart til slutt annektert under Hertugdømet Normandie ved Vilhelm Langsverd, hertug av Normandie, i 933. Etterkomaren hans, Vilhelm Erobraren, invaderte England i 1066, noko som førte at hertugdømet Normandie og kongedømet England vart styrte under éin monark.[8] Hertugane av Normandie åtte store eigedomar på øya, og normanniske familiar som levde på eigedomane deira danna mange av dei historiske normannisk-franske familienamna.

Kong Johan miste alle områda til England på fastlandet Normandie i 1204 til kong Filip II av Frankrike, men heldt posisjonane sine på Jersey saman med Guernsey og dei andre Kanaløyane. Øyane har vore lokalt sjølvstyrte sidan den gong.[9]

Øybuarane vart involverte i fiske på Newfoundland på slutten av 1500-talet. Som respekt for den hjelpa som vart gjeve han i løpet av dei åra han var i eksil på Jersey på 1640-talet gav Karl II av England guvernør George Carteret ein stor del land i dei amerikanske koloniane og som han så døypte om til New Jersey, no ein del av USA.[10][11]

Handel gav grunnlaget for framgang, hjelpt av nøytraliteten mellom England og Frankrike.[12] Levemåten på Jersey betydde jordbruk, fiske, skipsbygging og produksjon av ullvarer frå sau, men heilt frå 1800-talet førte den stadig betre sjøtransporten til turisme på øya.

Jersey vart okkupert av Tyskland frå 1. juli 1940 og vart halde fram til 9. mai 1945.[13]

Administrativ inndeling endre

 
Sokn på Jersey

Jersey er delt inn i tolv sokn

Kjelder endre

  1. «Walking — Walking Routes — Moonwalks». Jersey Tourism. Arkivert frå originalen 19. september 2007. Henta 4. februar 2010. 
  2. «Jersey's relationship with the European Union». Home Affairs, Customs & Immigration, Customs & Excise; Traders Information. States of Jersey. Arkivert frå originalen 28. august 2008. Henta 4. februar 2010. 
  3. Countryside Character Appraisal — Character Area A1: North Coast Heathland. States of Jersey., arkivert frå originalen 19. mars 2016, henta 4. februar 2010 
  4. Jersey Post: History of stamps
  5. Oppslagsordet «Jersey» i Concise Dictionary of World Place-Names. John Everett-Heath. Oxford University Press 2005. Oxford Reference Online. Oxford University Press.
  6. Harper, Douglas (November 2001). Online Etymological Dictionary.
  7. Le Messurier, H. W. (Desember 1916). «The Early Relations between Newfoundland and the Channel Islands». Geographical Review 2 (6): s.449. DOI:10.2307/207514
  8. A Short Constitutional History of Jersey Arkivert 2007-08-26 ved Wayback Machine.. Voisin & Co. (1999-05-18).
  9. Liddicoat, Anthony (1 August 1994). A Grammar of the Norman French of the Channel Islands. Walter de Gruyter, s.6. ISBN 3-11-012631-1.
  10. Weeks, Daniel J. (1 May 2001). Not for Filthy Lucre's Sake. Lehigh University Press, p.45. ISBN 0-934223-66-1.
  11. Cochrane, Willard W. (30. september 1993). The Development of American Agriculture. University of Minnesota Press, p.18. ISBN 0-8166-2283-3.
  12. Ommer, Rosemary E. (1991). From Outpost to Outport. McGill-Queen's University Press, p.12. ISBN 0-7735-0730-2.
  13. Bellows, Tony. What was the «Occupation» and why is «Liberation Day» celebrated in the Channel Islands?. Société Jersiaise.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Jersey
  Reiseguide for Jersey frå Wikivoyage