Ei jettegryte er ei grop i fast berg som mellom anna finst mange plassar i Noreg. Jettegrytene kan vera berre små, på storleik med ei vanleg gryte, og vidare alle variantar opp til fleire meter i diameter.

Jettegryte i Rovaniemi i Finland.
Jettegryte langs fjellet i Lysefjorden i Rogaland.

Ein finn dei fleste jettegrytene på stader som har vore dekte av isbrear, som Skandinavia, USA og Alpane. Ei velkjend jettegrytesamling er Gletscher-Garten i Lucerne, som har heile 32 gryter. Den største jettegryta i Nord-Europa ligg i Helvete i opplandskommunen Gausdal. Ho har ein diameter på 40 meter.

Opphav endre

Dei vanlege jettegrytene blir danna under isbrear av ein prosess som blir kalla kavitasjon. Dette er noko som skjer når flytande vatn inne i breen under høgt trykk treffer berggrunnen under breen. Da vil vatnet fordampe i det det treffer berget og ein får eit enda større trykk som grev fjell. Ei stor jettegryte kan gravast ut med denne prosessen i løpet at eit par vekers tid.

Før trudde ein at det var stein sett i rørsle av vatn som danna jettegryter, men denne teorien er forlaten. Kavitasjon er også eit kjent problem i vasskraftverk der vatnet eroderer vekk skålene i turbinane.

Det finst au mange lokale legender om korleis jettegrytene har blitt danna. Ofte er det troll, jettar, inne i bildet.