Jiřina Ptáčníková

Jiřina Ptáčníková (fødd 20. mai 1986) er ein tsjekkisk tidlegare stavhoppar frå Plzeň som i 2012 vart europameister i øvinga.

Jiřina Ptáčníková


Statsborgarskap Tsjekkia
Fødd 20. mai 1986 (37 år)
Plzeň
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016

Ptáčníková sigra i stavhopp-tevlinga i Universiaden 2009. Året etter vart ho nummer 5 i europameisterskapen i Barcelona og i 2011 nummer sju i verdsmeisterskapen i Daegu. Innandørssesongen 2012 sette ho personleg rekord med 4,70 meter i Donetsk. Ved EM i friidrett 2012 i Helsinki sikra ho seg gullmedaljen ved å gå over 4,60 m i den fyrste omgangen, i ei tevling prega av våte, vanskelege tilhøve. Seinare same sommaren kom ho på sjetteplass ved dei olympiske leikane i London. Etter å ha vorte nummer 8 i Moskva-VM, presterte ho 4. september 2013 i heimebyen sitt livsbeste stavhopp då ho klarte 4,76 meter. I 2014 vart ho nummer 2 i innandørs-VM og nummer 6 i EM i friidrett 2014 i Zürich, Sidan lukkast ho ikkje å kvalifisere seg til finalane i VM 2015, OL 2016 og VM 2017.

Ptáčníková var tsjekkisk meister i stavhopp 2009-11 og 2013-15.

Kjelder endre