Jilin (kinesisk skrift 吉林, pinyin Jílín) er eit byprefektur i provinsen med same namn i Kina, med grense i nord mot provinsen Heilongjiang. Prefekturet Jilin har eit areal på 27 722 km² og 4 414 681 innbyggjarar i 2010. Av sesse budde 1 975 803 menneske i storbyområdet.

Jilin (gul) i Jilin
Jilin med bybrua og Hundreårstorget
Satelittbilete av Jilin med Songhua buktande gjennom landskapet

Byprefekturet Jilin omfattar fire distrikt (区 ), fire byfylke (市 shì) og eitt fylke (县 xiàn).

Historie endre

Jilin vart grunnlagt som garnisonsby under Qing-dynastiet i 1673. I 1913 fekk byen jarnbanesamband til Changchun.

Under det japanske styret mellom 1931 og 1945 vart bygt mykje tungindustri.

Næring endre

Jilin ligg ved elva Songhua, og har elvehamn. Byen er eit jarnbaneknutepunkt i området, og er eit handels- og industrisenter. Her er stor kjemisk industri og cellulose- og papirfabrikkar. Elles er det oljeproduksjon og -raffineri, og framstilling av kunstgjødsel, sement, tømmer og sukker.

Samferdsle endre

Kinas riksveg 202 fører gjennom området. Han tek til i Heihe i provinsen Heilongjiang, passerer gjennom Harbin og Shenyang, og endar i Dalian ved Gulehavet. Også Kinas riksveg 302 fører gjennom området. Han går frå Hunchun i provinsen Jilin til Ulanhot i Indre Mongolia.

Kjelder endre