James Warren «Jim» Jones (13. mai 193118. november 1978) var ein USA-amerikansk grunnleggjar og leiar for sekta Peoples Temple, som enda i eit massesjølvmord på meir enn 909 personar i Jonestown i Guyana.

Jim Jones

Statsborgarskap USA
Fødd 13. mai 1931
Crete
Død

18. november 1978 (47 år)
Jonestown

Yrke morder, sjelesørger, sektleder, voldtektsforbryter, volunteer
Språk engelsk
Politisk parti CPUSA
Jim Jones på Commons

Frå starten var People's Temple ein organisasjon som gjorde gjeldande sosial rettferd og hjelpte fattige og rusmisbrukarar. Den endra seg etter kvart til ei sekt, der Jim Jones misbrukte si sterke stilling, og styrte organisasjonen eineveldig. Han såg på seg sjølv som ein ny Messias.

Etter kvart kom organisasjonen under offentleg merksemd, og for å kome seg unna så grunnla Jones grunnla Jonestown i Guyana, der han og om lag 800 medlemmar i sekta slo seg ned.

Det kom opp historier om brot på menneskerettane, og kongressmannen Leo J. Ryan drog til Gyuana saman med medarbeidarar, pressefolk og slektningar til dei som budde i Jonestown for å undersøke kva som skjedde. Den 17. november 1978 kom gruppa til Jonestown. Den 18. november 1978 om ettermiddagen vart kongressmann Ryan angripen av sektmedlemmen Don Slyan med kniv, utan at Ryan vart skadd. Dette gjorde at besøket vart avbrote, og Ryan fekk dra derifrå saman med delegasjonen og 15 sektmedlemmer som ynskte å dra. Dei blei angripne på flyplassen, og Ryan og 4 andre vart skotne og drepne. Deretter kom dei fleste seg av garde i eit fly.

Dette førte til at Jim Jones kravde at sektmedlemmane skulle gjere «revolusjonært sjølvmord», noko som også skjedde. 909 personar døydde, dei fleste tok liva sine ved å drikke cyanid. Dei som nekta vart skotne eller kvelte. Nokre få kom seg unna. Også fire sektmedlemmer i hovudkvarteret i Georgetown tok liva sine. Det var dermed til saman 918 døde.

Sjå også endre