Jincheng
Jincheng (kinesisk:晋城, pinyin: Jìnchéng) er eit byprefektur søraust i provinsen Shanxi i det nordlege Kina, med grense i sør og aust mot Henan-provinsen. Byprefekturet har eit areal på 9 490 km² med 2,28 millionar ibuarar i 2010.
Byprefekturet Jincheng omfattar eitt bydistrikt (区 qū), eitt byfylke (市 shì) og fire fylke (县 xiàn).
Næring endre
Gruvedrift er ei viktig næring i Jincheng, samt industriar knytte til foredling av minerala.
Samferdsle endre
Kinas riksveg 207 går gjennom prefekturet, både gjennom sjølve byen Jincheng og gjennom fylka Gaoping og Zezhou. Denne store trafikkåra tek til i Xilinhot i Indre Mongolia nær grensa til Mongolia, går sørover og endar i Hai'an, ein by i Xuwen fylke sør på Leizhouhalvøya lengst sørvest i provinsen Guangdong.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Jincheng» frå Wikipedia på bokmål, den 9. september 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Jincheng» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2012.