Jo Inge Berget

norsk fotballspelar

Jo Inge Berget (fødd 11. september 1990) er ein norsk fotballspelar frå Gran i Oppland. Han har sanka pokalar med Strømsgodset IF, Molde FK og svenske Malmö FF. Berget er offensiv kantspelar.

Jo Inge Berget


Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. september 1990 (33 år)
Gran kommune
Idrett fotball

Karriere endre

Klubbspel endre

Berget spelte vårsesongen 2006 for Hadeland på nivå fem i seriesystemet. Han debuterte for eliteserielaget Lyn i september 2007. Sommaren 2008 vart han overført til italienske Udinese Calcio. Der fekk han ikkje speletid, så sesongen 2009 gjorde han atter teneste i Lyn. Frå våren 2010 til juli 2011 spelte Berget på Strømsgodset. Han var med då Drammens-laget vann 2–0 over overraskingslaget Follo i cupfinalen på Ullevål stadion 14. november 2010.

I to og ein halv sesong var Berget Molde-spelar. Under sjefstrenar Ole Gunnar Solskjær vann klubben to seriegull og NM-finalen 2013. Etter eit mislukka opphald i Cardiff City, og ein kort periode i Celtic FC, fekk Berget vinteren 2015 kontrakt med Malmö FF. Her kunne han både i 2016 og 2017 feire laget sine triumfar i Allsvenskan. Året 2018 var han New York City-spelar i USA. Perioden 2019-21 var han atter Malmö-spelar, der han i 2020 var med om å vinne sitt femte seriemeisterskap.

Landslagsspel endre

Perioden 2012-17 deltok Berget i 20 av Noregs landskampar. Han skåra 2 mål. Det fyrste kom då Noreg slo Kroatia 2-0 i EM-kvalifiseringskamp 6. september 2015, det andre eit halvår seinare då det vart 2-0 over Finland.

Merittar endre

  • Noregsmeister: 2010 med Strømsgodset IF og 2013 med Molde FK
  • Norsk seriemeister: 2011 og 2012 med Molde FK
  • Svensk seriemeister: 2016, 2017 og 2020 med Malmö FF

Kjelder endre