Joe Hart

britisk fotballspelar

Charles Joseph John Hart (fødd 19. april 1987) er ein engelsk fotballspelar som har vore keeper for Manchester City i engelsk Premier League. Han har òg landskampar for England.

Joe Hart
Personleg informasjon
Fullt namn Charles Joseph John Hart
Fødd 19. april 1987 (36 år)
Fødestad Shrewsbury
Høgd 196 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Manchester City
Nummer 1
Ungdomsklubbar
Shrewsbury
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2003-2006
2006-
2007
2007
2009-10
Shrewsbury
Manchester City
Tranmere (lån)
Blackpool (lån)
Birmingham (lån)
54 (0)
195 (0)
6 (0)
5 (0)
36 (0)
Landslag
2007-09
2008-
England U21
England
21 (0)
41 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 30. mai 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 10. juni 2014

Hart begynte karrieren sin i dei lågare divisjonane, hjå Shrewsbury Town. Han var den faste keeperen deira i 2005/06-sesongen i League Two, fjerde høgste nivå. I 2006 gjekk han til Manchester City, og fekk éin kamp for klubben den sesongen, men vart i periodar lånt ut til Tranmere Rovers og Blackpool i League One (tredje nivå). I 2007/08- og 2008/09-sesongen var han den mest brukte keeperen til Manchester City, men i 2009/10-sesongen vart han lånt ut heile sesongen til Birmingham City, der han var førstekeeper, og vart kåra til årets Birmingham-spelar. På starten av 2010/11-sesongen var han tilbake som førsteval i mål hjå Manchester City. Han vart seriemeister med City i 2012 og 2014.

Hart debuterte for England sitt A-landslag 1. juni 2008, som innbytar i pausen i ein privatlandskamp mot Trinidad og Tobago. Han var med i England sin tropp til fotball-VM i 2010, men var der den av dei tre keeperane som ikkje fekk spela nokon kampar. Han spelte sin første landskamp i ei turnering 3. september 2010, ein EM-kvalifiseringskamp heime mot Bulgaria.

Bakgrunnsstoff endre