Joel Brodsky

amerikansk fotograf

Joel Lee Brodsky (7. oktober 19391. mars 2007) var ein amerikansk fotograf. Han er best kjend for bileta sine av musikarar, særleg dei ikoniske «Young Lion»-bileta av Jim Morrison. I karrieren sin tok han bilete for over 400 plateomslag.[1]

Joel Brodsky
Verkeleg namn Joel Lee Brodsky
Statsborgarskap USA
Fødd 7. oktober 1939(1939-10-07)
Brooklyn i New York
Død

1. mars 2007 (67 år)
Stamford i Connecticut

Yrke fotograf

Brodsky var fødd i Brooklyn i New York og tok grad ved Syracuse University i 1960. Medan han arbeidde i ein kamerabutikk i Brooklyn, byrja han å ta fotografi på si og opna sitt eige studio i 1964.[2]

Seinare slutta Brodsky å ta fotografi frå musikkmiljøet og fokuserte på kommersielt arbeid, og tok bilete for reklamekampanjar for Revlon, Avon, DuPont og andre føretak.[3] Frå byrjinga av 2000-talet har det vore fornya interesse for arbeidet til Brodsky innan musikkmiljøet og det har vore fleire utstillingar med bileta hans i USA og i Europa.[2]

Delvis diskografi endre


Kjelder endre

  1. Heydarpour, Roja (31. mars 2007). «Joel Brodsky, 67, Photographer Who Specialized in Album Covers, Dies». New York Times. Henta 16. august 2016. 
  2. 2,0 2,1 Schudel, Matt (18. mars 2007). «Photographer Joel Brodsky; Shot Album Cover Pictures». The Washington Post. Henta 16. august 2016. 
  3. Schudel, Matt (26. mats 2007). «Joel Brodsky, 67; shot iconic album covers». ”Los Angeles Times. Henta 16. august 2016. 

Bakgrunnsstoff endre