Johan Georg III av Sachsen

Johan Georg III (20. juni 164712. september 1691) var kurfyrste av Sachsen frå 1680 til 1691.

Johan Georg III

Kurfyrsten av Sachsen
Regjeringstid22. august 1680–12. september 1691
Fødd20. juni 1647
FødestadDresden
Død12. september 1691 (44 år)
DødsstadTübingen
GravstadFreiberg-katederalen
FøregangarJohan Georg II
EtterfølgjarJohan Georg IV
Gift medAnna Sofie av Danmark
DynastiHuset Wettin
FarJohan Georg II av Sachsen
MorMagdalane Sybille av Brandenburg-Bayreuth
BornJohan Georg IV av Sachsen
Fredrik August I av Sachsen

Han endra den franskvenlege kursen til faren og tok parti mot Ludvig XIV av Frankrike. Han var med i slaget ved Wien mot Det osmanske riket i 1683 som marskalk av Det tysk-romerske riket og støtta Leopold vidare i den store tyrkiske krigen frå 1686. Han vart ikkje med i Augsburgforbundet i 1686 mot Frankrike i niårskrigen, men reiste personleg til Haag i mars 1688 for å diskutere med Vilhelm av Oranien, Georg Vilhelm av Braunschweig-Lüneburg og Fredrik Vilhelm av Brandenburg om mogelege trekk mot Ludvig XIV. Han støtta derimot ikkje direkte at Vilhelm skulle ta over den engelske trona.

Etter ein ny invasjon av Frankrike i 1689, lånte han igjen bort soldatane sine for å verne Franken. Han vart seinare med i armeen til Karl av Lorraine og tok del i omleiringa av Mainz.

Sonen hans, Friedrich August den sterke av Sachsen, var konge av Polen 1697-1704 og 1709-1733.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Johan Georg III av Sachsen