Johan Melander
Johan Arnt Melander, (27. april 1910–1. desember 1989), var ein norsk bankmann frå Oslo.
Johan Melander | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. april 1910 Christiania |
Død |
1. desember 1989 (79 år) |
Yrke | bankier |
Johan Melander på Commons |
Johan Arnt Andersen, hans namn til 1936, var son til ein sakførar. Etter han vart cand.jur. i 1932, arbeidde han mellom anna som advokatfullmektig i Oslo og var dommarfullmektig i Volda. Han tok dispasjøreksamen i 1939 og var så tilsett ved den norske ambassaden i London til 1948. Krigsåra 1940-45 var han i tenesta til den norske eksilregjeringa. Frå 1949 var han ekspedisjonssjef i Utanriksdepartementet, der han leidde avdelinga for utanrikshandel til 1953.
Frå 1954 til han vart pensjonist i 1980, var Melander administrerande direktør i Den norske Creditbank i Oslo. Gjennom denne lange perioden gjorde han banken til den største i Noreg, med særleg vekt på at banken skulle vere samfunnsnyttig og utvikle norsk finanssektor og næringsliv i samarbeid og konkurranse med internasjonale aktørar.