Johann Adolf Hasse

tysk komponist

Johann Adolf Hasse (25. mars 169916. desember 1783) var ein tysk komponist under barokken.

Johann Adolf Hasse

Fødd1699
FødestadBergedorf, Hamburg
Død16. desember 1783 (84 år)
DødsstadVenezia
OpphavDet tysk-romerske riket
PeriodeBarokken
Sjangeropera, kyrkjemusikk, solokonsert, kammermusikk
Instrumentvokal
Stemmetypetenor
Verka somoperakomponist
Gift medFaustina Bordoni

Liv og virke endre

Hasse var fødd i Bergedorf ved Hamburg. Han starta som operasongar, tenor, i Hamburg i 1718 og Braunschweig i 1721, og debuterte i 1721 i operaen Antiochus. Frå 1722 studerte han komposisjon hos Nicola Porpora og Alessandro Scarlatti i Napoli. Operaen hans Sesostrate hadde premiere i 1726 og vart ein så stor suksess at han vart ein kjend komponist i heile Italia. Året etter, i 1727, vart han kapellmeister ved konservatoriet i Venezia. I 1730 gifta han seg med songarinna Faustina Bordoni, og han skreiv sidan alltid primadonnapartia i operaene sine for ho.

I 1731 vart paret tilsett ved hoffoperaen i Dresden, han som kapellmeister og ho som songar. Før 1740 var han mest i Italia der han skreiv fleire operaer og dominerte scenen. I 1733 kom han til London for å sette opp operaen sin Artaserse og konkurrere med Georg Friedrich Händel, men gav ganske snart opp konkurransen. Av økonomiske årsaker vart han og hustrua avsette frå tenestene deira i Dresden i 1763. Han reiste då først til Wien der han komponerte for hoffoperaen, og til slutt til Venezia, der han levde livet ut.

Hasse skreiv over 70 operaer, 14 oratorium, 5 Te Deum, fleire messer, eit rekviem, diverse misererer, litanier, motettar, salmar, kantatar, klaverkonserter og sonatar, fløytekonserter med meir. Han sette opp nesten alle librettoane til Pietro Metastasio, fleire av dei meir enn ein gong.

Få komponistar som var så kjende i levetida si har vorte så grundig gløymd som Hasse. Årsaka er nok at han for det meste skriv for smaken som rådde på denne tida, den han kjente og kunne tilfredsstille. Paret Hasse danna ein spydspiss for den italienske operaen både kompositorisk og når det gjaldt utføring. Operakomponisten Christoph Willibald Gluck avviste seinare denne smaksretninga som han meinte bestod av endelause ariar komponert etter same mal for å vise dugleiken til songarinna, med einsformige moduleringar og slett orkestrering, men på den andre sidan òg med elegant flytande melodiar som viste songstemma sine mogelegheiter.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Johann Adolf Hasse