Johann Reinhold Patkul (27. juli 166010. oktober 1707) var ein livisk politikar og oppviglar for å få drive ut baltiske tyskarar.

Johann Patkul

Statsborgarskap Sverige, Det polsk-litauiske samveldet
Fødd 27. juli 1660
Stockholm
Død

10. oktober 1707 (47 år)
Kazimierz Biskupi

Yrke diplomat, militær
Far Friedrich Wilhelm von Patkul
Ektefelle ingen verdi

Patkul vart fødd i fengsel i Stockholm, der faren hadde vore fanga mistenkt for landsforræderi. Han gjekk i den svenske hæren i ung alder og var alt kaptein då han i 1689 vart leiaren for eit sendelag for liviske lågadel. Han reiste til Stockholm for å protestere mot dei harde tilhøva som Karl XI av Sverige hadde påført dei nyerobra svenske områda i heimprovinsen hans. Talekunsten hans imponerte Karl XI, men framstillinga hans vart avvist. Då han la fram ein ny protest med eit meir støytande språk til kongen tre år seinare, vart han forfølgd av styresmaktene. For å redde seg sjølv frå straffa for landsforræderi, flykta Patkul frå Stockholm til Sveits, og vart dømd in absentia til å få avhogd den høgre handa og hovudet. Eigedomane hans vart samstundes konfiskert.

Dei neste fire åra levde Patkul som ein landstrykar, men i 1698, etter å ha bede den nye kongen Karl XII av Sverige om nåde utan hell, gjekk han inn i tenesta til August den sterke av Sachsen og Polen, med mål om å ta Livland frå Sverige. Han hadde ingen håp om å kome attende til Livland så lenge det låg under den svenske krona. Den aristokratiske republikken Polen var tydelegvis den mest høvande overherredømet for ein livisk adelsmann, så i 1698 la Patkul i veg til hoffet i Dresden og bombarderte August med forslag om oppdelinga av Sverige. Planen hans var først ein samla styrke frå Sachsen, Danmark og Brandenburg mot Sverige, men då Brandenburg ikkje ønskte å delta, let han motvillig Russland få ta del i alliansen.

Tsaren var nøgd med å få tak på Ingermannland og Estland, medan August skulle ta Livland, formelt som eit len under Polen, men i røynda eit arveområdet for huset Sachsen.Krigen om dei svenske baltiske områda starta samstundes av saksarane og russarane. Etter å ha skapt den første delen av oppdelingsavtalen, drog Patkul til Moskva, og under ein hemmeleg konferanse i Preobrazjenskoje, klarte han lett å overtale Peter den store til å etterfølgje forbundet den 18. november 1699. Gjennom dei tidlege, uheldige dagane av den store nordiske krigen, var Patkul støttespelaren til forbundsfellene. I Wien i 1702, tok han til seg den skotske generalen George Benedict Ogilvie, og fekk han til å melde seg til Peter si teneste.

Same året såg han at det var ulønsamt å tene ein meister som August, og han bytte frå Sachsen til Russland. Peter var glad noko får å få ein mann som var kjend for slikt talent og energi, men Patkul gjorde raskt ryktet sitt til skamme. Kunnskapen hans var for lokal og avgrensa. Den 19. august 1704 klarte han til slutt å få i stand ein allianseavtale mellom Russland og den polske republikken for å styrke August, men klarte ikkje å føre Preussen inn i det anti-svenske forbundet fordi Fredrik I frykta Karl og var sjalu på Peter. Frå Berlin reiste Patkul til Dresden for å få i stand ein avtale med kommissærane til keisaren for å få den russiske kontingente overført frå saksarane til austerrikarane.

Dei saksiske ministrane protesterte på denne nye ordninga, arresterte Patkul og stengde han inne i festninga Sonnenstein den 19. desember 1705, og ignorerte protestane Peter kom med mot eit slikt grovt brot på internasjonal rett. Etter Altranstädt-avtalen den 24. september 1707 vart han utlevert til Karl, som gav ordre om å avrette han. Karl avslo mange bøner om nåde frå systera hans, prinsesse Ulrika, fordi han såg på Patkul som ein forrædar som ikkje unne benådast fordi han måtte setje eit døme. I oktober 1707 vart Patkul avretta på stegle og hjul i Kazimierz Biskupi i Polen.

Kjelder endre