Johannes D. Sandal
Johannes D. Sandal (1878–1907) var ein norsk typograf og forfattar. Han var frå Sandal i Jølster kommune, og reiste som ung til Bergen der han kom inn på underoffiserskulen. Sandal arbeidde ei tid innan militærvesenet, seinare arbeidde han som typograf. Han var også ein dugande målar og fotograf. Sandal var fascinert av segna om baron Audun Hugleikson på Ålhus, og fekk reist ein minnestein på den staden der ein meiner Auduns borg låg. Seinare vart ein større minnestein reist ved ungdomshuset Borgja. Sandal var ein ivrig målmann og fråhaldsmann. Han døydde av tuberkulose.
Johannes D. Sandal | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1878 Jølster kommune |
Død |
1907 (29 år) |
Yrke | typograf, skribent |
Bibliografi endre
Bøker endre
- 1901 – Glimt fra Jølsters fortid (Bergen: Eige forlag) I fulltekst ved nb.no
- 1902 – Fra folkelivet : digte (Bergen: Eige forlag) I fulltekst ved nb.no
- utan år – Afholdstraktat (Bergen) [Av innhaldet: Til Jølster / Johannes D. Sandal]
- 1978 – Glimt fra Jølsters fortid ; Fra folkelivet (Skei: Jølster sogenemnd) I fulltekst ved nb.no [Opptrykk av: Glimt fra Jølsters fortid.- Bergen, 1901 og Fra folkelivet : digte.- Bergen, 1902]