Johannes Ording (19. januar 186925. januar 1929) var ein norsk teolog frå Drammen.

Johannes Ording

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. januar 1869
Drammen kommune
Død

25. januar 1929 (60 år)

Yrke prest, teolog, professor
Språk dansk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Han vart cand. theol. 1893, universitetsstipendiat 1903 og var professor i systematisk teologi 1906–26. I 1894–1900 var han kapellan ved Johanneskirken i Kristiania. Ording var omstridd som liberal teolog. Då han vart tilsett som professor i statsråd 27. januar 1906, gjekk kyrkjeminister Christian Knudsen av, og den konservative professoren Sigurd Odland sa frå seg stillinga si i protest.

Skrifter endre

  • Den religiøse erkjendelse, dens art og vished (1903)
  • Den kirkelige bekjendelse (1904)
  • Gammel og moderne kristendomsopfatning (1906)
  • Den kristelige tro (1915)
  • Teologien (1920)
  • Kristelig etik (1927)

Bakgrunnsstoff endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.