Johannes Tinctoris

Johannes Tinctoris (14351511) var ein framståande flamsk musikkteoretikar og komponist i renessansen.

Johannes Tinctoris

Fødd1435
FødestadBraine-l'Alleud
Død1511 (76 år)
DødsstadNivelles
OpphavDei sytten provinsane
Verka somkomponist, musikkforskar, musikkteoretikar, lyrikar, skribent, matematikar

Johannes Tinctoris var fødd i Brabant. Det første som er kjend om livet hans, er at han song i kyrkjekoret i Cambrai på den tida det vart leia av Guillaume Dufay (tidleg i 1460-åra. Seinare vart han magister i juss, og vart leiar for gutekoret i Chartres. Derifrå reiste han til Napoli, der han heldt seg i om lag tjuge år. I Napoli skreiv han fleire teoretiske verk om musikk, og hadde kontakt med dei napolitanske humanistane.

Mot slutten av livet reiste han attende til Brabant, og døydde truleg i Nivelles, ein gong før 11. oktober 1511.

Verk endre

Johannes Tinctoris skreiv tolv bøker mellom 1470 og 1480. Av desse er det fem som fortener merksemd:

  • Terminorum musicae diffinitorium (oppslagsverk over musikalske omgrep). Det første oppslagsverket av dette slaget som vart utgjeve.
  • Proportionale Musices (oppdelinga av musikken), skriven om lag 1473. Her tek han for seg vanskane med mensuralnotasjon, og freister å fastsette tidsintervall og toneverdiar.
  • Liber de natura et proprietate tonorum (om korleis dei ulike skalaene skal nyttast), datert 6. november 1476, tileigna Johannes Ockeghem og Antoine Busnoys, som tek for seg vanskane med kyrkjetoneartar og polyfoni. Her legg han fram at modusen tenor står i, skal fastsette modus for heile verket.
  • Liber de arte Contrapunkti (læra om kontrapunkt), frå 1477, drøftar kontrapunkt og reglar for fleirstemt song. Her finn ein òg den mest kjende setninga frå Tinctoris: Det er ingen komposisjon som er verd å lye på, er han eldre enn førti år. Dette skulle få avgjerande tyding for synet på mellomaldermusikk seinare i renessansen.
  • De inventione et usu musicae (om korleis laga og nytte musikk). Av dette er det berre att nokre få sider, men skal opphavleg ha vore det lengste verket Tinctoris skreiv. Her fortel han mellom anna om instrument som var i bruk, og om dei komponistane han sette høgast, først av dei står Johannes Ockeghem.

Tinctoris står fram som den førande teoretikaren i si tid, og på 1400-talet.

Kjelder endre