John William Coltrane (23. september 192617. juli 1967) var ein amerikansk jazzsaksofonist. Han var ein stilskapar i jazzen på 50- og 60-talet, og sjølv om han ikkje var like populær i samtida som sine føregjengarar, var han etter gjennombrotet med Miles Davis sin kvintett i 1955 ein musikar svært mange såg opp til og henta inspirasjon frå.

John Coltrane

Fødd23. september 1926
FødestadHamlet
Død17. juli 1967 (40 år)
DødsstadHuntington, New York by
FødenamnJohn William Coltrane
OpphavUSA
Aktiv1945–1967
Sjangerjazz, modaljazz, frijazz, postbop, hard bop
Instrumenttenorsaksofon, klarinett, Barytonsaksofon, altsaksofon, saksofon
PlateselskapBlue Note, Atlantic Records, Impulse!, Prestige, ABC Records
Verka somorkesterleiar, komponist, dirigent, jazzmusikar, saksofonist, songar
Gift medAlice Coltrane
BornRavi Coltrane
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, 100 Greatest African Americans, Pulitzer-prisens særskilte hederbevisninger og utmerkelser, North Carolina Music Hall of Fame

Barndom og den musikalske oppstarten endre

 
Huset i Philadelphia der John Coltrane budde frå 1952 til 1964.

John Coltrane var einebarn. Far hans, som var skreddar, såg tidleg at Coltrane sette pris på musikken. Heimen var fylt opp med musikkinstrument og John Coltrane lærde tidleg å spele klarinett, altsaksofon og ukulele.[1]

Faren døydde då Coltrane var 12 år gamal. Skulen han gjekk på hadde ikkje noko skuleorkester, men han spelte klarinett og altsaksofon i eit orkester etter skuletid.

 
John Coltrane (1945)

I 1943 flytte han og mora frå North Carolina til Philadelphia der han heldt fram musikkstudia sine. I 1945 spelte han i eit marineorkester før han i 1947 som 21-åring fekk si første profesjonelle utfordring: Han vart leigd inn på tenorsaksofon, eit instrument han aldri før hadde spelt, av altsaksofonisten Eddie Vinson.

Han var då ein sjenert ung mann som føretrekte å høyre andre spele.

Coltrane og Miles Davis endre

Han debuterte i studio to år seinare som altsaksofonist i Dizzy Gillespie sitt orkester, i åra 1953-54 spelte han i septetten til Johnny Hodges. Men det var først i trompetaren Miles Davis sin kvintett på midten av 50-talet han fekk eit gjennombrot som musikar. Med seg i kompet hadde dei Red Garland, piano, Paul Chambers, bass og Philly Joe Jones, trommer. Musikken deira vart på den tida rekna for å vere revolusjonerande.

Etter eit kort samarbeid med Thelonious Monk i 1958 vende Coltrane attende til ei siste plateinnspeling med Miles Davis: Kind of Blue frå 1959, ei sentral innspeling frå denne perioden.

Coltrane går solo endre

I mai 1960 danna John Coltrane si første gruppe som leiar. Han var no 33 år gamal og sopran- og tenorsaksofonen var jamstilte. Han danna kvartett med Jimmy Garrison, bass, Mccoy Tyner, piano, og Elvin Jones, trommer.

Opptaka frå konsertane på Village Vanguard i New York by frå onsdag 1. november til søndag 5. november 1961 er rekna for å vere svært sentrale. Men kritikarane si mottaking var på den tida til tider svært lunkne. Down Beat skreiv at «dette er musikalsk nonsens».[2]

Opptaka frå konsertane er i dag gjevne ut på fire kompaktplateCD-plater.

Plata A Love Supreme endre

Plata A Love Supreme vart spelt inn mot slutten av 1964 og er rekna for å vere John Coltrane si mest kjende.

Elvin Jones skreiv i føreordet til A Love Supreme: The creation of John Coltrane's classic album: «Me visste ikkje korleis A Love Supreme kom til å bli motteken på førehand, men eg er ikkje overraska over at ho har nådd ut til så mange, og at det har vorte hans best kjende album. Plata er unik. På ein måte er det ikkje ein gong jazz.»[3]

Plata er ein jazz-suite i fire delar som vart spelt inn på ein kveld med McCoy Tyner, Jimmy Garrison og Elvin Jones. Ho vart ein bestseljar i jazzmiljøet.

Musikken på A Love Supreme er ei blanding av komposisjon og improvisasjon. Den harmoniske strukturen er enkle bluesskjema i moll, med korte melodiske innslag på toppen. Coltrane sine lange soloar spenner frå meditativ kviskring til høge skrik.

Musikken til John Coltrane har vorte kalla «spirituell jazz».[4] Den dag i dag held St. John Coltrane Church i San Fransisco gudsteneste kvar søndag der dei syng til musikken frå plata A Love Supreme.[5][6]

Coltrane i Noreg endre

John Coltrane spelte i Njårdhallen i Oslo i oktober 1963. Der var Coltrane sjølv på sopran- og tenorsaksofon saman med Jimmy Garrison, McCoy Tyner og Elvin Jones.

Den norske saksofonisten Jan Garbarek var i salen som publikummar. Han var 16 år og han var imponert: «Det var et enormt trykk fra første til siste tone, så det var liksom bare å holde seg fast i krakken,» sa Garbarek i eit intervju i boka Jazz i Norge.[7]

Dei siste åra endre

Mot slutten skifta John Coltrane både stil og musikarar ofte. Av nye medlemer i gruppa var Alice Coltrane. Dei to gifte seg i 1965, og ho tok over pianoet etter McCoy Tyner året etter.

Miles Davis skildra Coltrane sitt stadige behov for å fornye seg: «Trane sin musikk dei siste par-tre åra han levde representerte for mange svarte den eld og lidenskap, raseri og trong til opprør og kjærleikstrong dei sjølv følte.»[8]

Ein innskrumpa lever gjorde at karrieren som musikar var over for John Coltrane i 1967.

Diskografi endre

(Utval)

  • Blue Train (1957)
  • Soultrane (1958)
  • Giant Steps (1959)
  • My Favorite Things (1960)
  • Coltrane Plays the Blues (1960)
  • Live! at the Village Vanguard (1961)
  • Live at Birdland (1963)
  • A Love Supreme (1964)
  • Ascension (1965)
  • Meditations (1965)
  • Live! at the Village Vanguard Again (1966)
Posthume utgjevingar
  • Newport '63 (1963)
  • Stellar Regions (1967)
  • Interstellar Space (1967)

Kjelder endre

  • Carl Woideck, red. (1998). The John Coltrane Companion. Omnibus Press. ISBN 0-7119-6994-9. 
  • Ashley Kahn (2002). A Love Supreme: The creation of John Coltrane's classic album. Granta Books. ISBN 1862076022. 
  • Stein Kagge (2001). Jazzprofiler. Fra Satchmo til Ola Kvernberg. Chr Schibsteds Forlag. s. 56-61. ISBN 82-516-1887-8. 

Referansar endre

  1. The John Coltrane Companion s. 15
  2. Jazzprofiler s. 60
  3. A Love Supreme: The creation of John Coltrane's classic album s. 10
  4. A Love Supreme: The creation of John Coltrane's classic album s. 17
  5. A Love Supreme: The creation of John Coltrane's classic album s. 18
  6. coltranechurch.org, vitja 27. februar 2009
  7. Jazzprofiler s. 58
  8. Jazzprofiler s. 61
  9. Chris Monsen. «Gjennoppdaget: John Coltrane i 63, under en av sine hektiske formtopper». Nesten 'A-Trane'. 2018-07-02. Klassekampen Musikkmagasinet. S. 19
  10. Dagsavisen. 2018-06-30