John Constable (11. juni 177631. mars 1837) var ein engelsk kunstmålar frå romantikken. Han er best kjend for landskapsmåleria sine frå Dedham Vale, området omkring der han budde, i dag kjent som «Constable Country». Sjølv om måleria hans i dag er blant dei mest populære og kostbare i den britiske kunsten, fekk han aldri nokon finansiell suksess medan han levde.

John Constable

Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 11. juni 1776
East Bergholt, Suffolk
Død

31. mars 1837 (60 år)
Charlotte Street, London

Yrke kunstmålar, landskapsmålar, bygningstegner
Sjanger landskapsmåleri, sjangerkunst, marinemåleri, portrett, religiøs kunst, stilleben
Medlem av Royal Academy of Arts
Far Golding Constable
Mor Ann Watts
Ektefelle Maria Bicknell
Born Charles Golding Constable, Lionel Bicknell Constable, Isabel Constable
John Constable på Commons

Constable er best kjend for måleria Dedham Vale (1821) og The Hay Wain (1821). Han blei vald som medlem av Royal Academy då han var 52 år gammal. Verka hans blei populære i Frankrike, der han selde fleire verk enn i heimlandet, og inspirerte franske kunstnarar som Eugène Delacroix, kunstnarane i Barbizon og dei seinare impresjonistane.

Galleri endre

  Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.