John Dowland

britisk komponist

John Downland (fødd 1563 i London eller Dublin,[a] gravlagd 20. februar 1626 i London) var ein engelsk songar, luttspelar og komponist. Han er i dag best kjent for dei melankolske songane sine, som til dømes «Flow my tears», «Come heavy sleep», «I saw my Lady weepe» og «In darkness let me dwell». Utover 1900-talet vart instrumentalmusikken hans gjenstand for fornya interesse, og finst no i repertoara til mange klassiske gitaristar.

John Dowland

Fødd1563
FødestadLondon i England
Død20. februar 1626 (63 år)
DødsstadLondon i England
OpphavKongeriket England
Aktiv1592-1622
SjangerRenessansemusikk
InstrumentLutt
Verka somSongar, luttspelar og komponist
BornRobert Dowland
Framføring av «I saw my lady weep» av David Solomons (alt og gitar).
Framføring av «Flow, my tears» (sopran og lutt).

Biografi endre

 
Dowland gav ut Lachrymæ i 1604.

Frå 1579 til 1584 var Dowland i teneste hos den engelske ambassadøren ved det franske hoffet Sir Henry Cobham og etterfølgjaren Edward Stafford, 3. hertug av Buckingham. På denne tida konverterte han til katolisismen, noko han hevda førte til at han ikkje fekk ein post ved det protestantiske hoffet til Elisabeth I av England. Påstanden er noko tvilsam sidan han ikkje hadde gjort trusskiftet kjend, og det fanst dessutan viktige katolske musikarar som gjorde karriere ved hoffet til Elisabeth I., som til dømes William Byrd.

Etter at han ikkje lukkast i å få stillinga som kongeleg luttenist etter John Johnson gav han seg i 1594 ut på ein eitt år lang utanlandsreise. Først heldt han seg ved hoffet til hertugen av Braunschweig i Wolfenbüttel og hos Landgreve Moritz von Hessen i Kassel. Så reiste han til Firenze der han fekk kjennskap til at ei gruppe engelskmenn i eksil planla eit attentat på den engelske dronninga. Han skreiv eit brev tilbake til England om dette og reiste derfrå, først til Nürnberg og tilslutt tilbake til London rundt årsskiftet 1596-97, framleis med håp om å få stilling som hoffluttenist. Forhåpningane vart raskt knust då velgjeraren hans Henry Noel døydde kort tid etter at han hadde skrive eit brev til Dowland og bede han kome attende til England.

Det neste utanlandsopphaldet til Dowland førte han til Danmark der han frå 1598 til 1606 var luttenist hos kong Kristian Kvart som hadde eit av dei beste og mest moderne musikkmiljøa i Europa på denne tida. Dowland heva ei stor løn på 500 daler, men treivst likevel ikkje, og under ei reise til England i 1603-1604 nytta han høvet til å overvintre der. Hoffreknskapa til danskekongen gjev at han vart borte «en langsommeleg tid længer, end kongeleg Majestæt han nådigst havde forløvet». Til slutt vart han tilsynelatande sparka på grunn av «upassende oppførsel», det finst dokument som kan tyde på at han har hatt i oppdrag å spionere på den danske politikken overfor England[treng kjelde] på ei tid forholdet mellom landa var særs dårleg.

Tilbake i England var han nokre år tilsett hos hoffmannen Theophilus Howard, Lord Walden, men 28. oktober 1612 fekk han endeleg den etterlengta posten som Musician for the lute ved det kongelege hoffet til Jakob I av England. Ironisk nok skreiv han nesten ingen fleire komposisjonar, truleg fordi musikken hans var i ferd med å bli umoderne etter kvart som den nye barokkmusikken utvikla seg.

Musikk endre

Det musikalske opuset til Dowland omfattar songar med luttakkompagnement, verk for luttsolo og verk for gambeconsort med luttakkompagnement.

Songar endre

Songane hans omhandlar ganske ulike tema. Musikalsk dreier det seg om strofiske songar, sjeldnare om gjennomkomponerte stykke. Akkompagnementet er hovudsakleg homofont med talrike forsiringar. Nokre av songane, som til dømes den kjende «Flow My Tears» eller «Oh, sweet woods» inneheld òg polyfone gjennomkomponerte passasjer der polyfonien er på grensa til det som er spelteknisk mogeleg på ein lutt. Den tekstlege uttalen er stort sett tydeleg.

Musikk for engelsk consort endre

Instrumentalmusikken til Dowland er særleg viktig. Komposisjonane hans for gambeconsort med luttakkompagnement markerer ein av dei første høgdepunkta i utviklinga av ein sjølvstendig instrumentalmusikk innan europeisk musikkhistorie. I denne samanhengen kan alle sju variasjonar over temaet frå Lachrimae pavanen (opphevleg ein luttsolo, seinare omarbeidd til songen «Flow My Tears») nemnast, samt consort-utgåva av luttsoloen «Semper Dowland, Semper Dolens». I begge stykka er den melankolske stemninga som er så vanleg i stykka til Dowland spesielt tydeleg, musikalsk understreka av ein forholdsvis farge- og dissonansrik harmonikk.

Luttsoloar endre

Om lag 100 av komposisjonane til Dowland for luttsolo er bevart. Dei høyrer til dei mest krevjande og modne verk for instrumentet og finst i det faste repertoaret til nesten alle luttenistar og klassiske gitaristar.

Verkliste luttsolar endre

  • Fantasiar
    • Forlorn Hope Fancy
    • Farewell
    • Farewell (over "In Nomine")
    • A Fancy 1
    • A Fancy 2
    • A Fancy 3
  • Pavaner
    • Piper's Pavan
    • Semper Dowland Semper Dolens
    • Solus Cum Sola
    • Mrs. Brigide Fleetwood's Pavan alias Solus Sine Sola
    • Dr. Case's Pavan
    • Resolution
    • Mr. John Langton's Pavan
    • Sir John Langton's Pavan
    • Lachrimæ
    • A Pavan
    • The Lady Russell's Pavan
    • A Pavan
  • Galliardar
    • Captain Digorie Piper's Galliard
    • Dowland' Galliard
    • John Dowland's Galliard
    • Dowland's First Galliard
    • The Frog Galliard
    • A Galliard (i d-moll)
    • Melancholy Galliard
    • Sir John Souch's Galliard
    • A Galliard (over en galliard av Daniel Bacheler)
    • Giles Hobie's Galliard
    • A Galliard (over Walsingham)
    • Mrs. Vaux Galliard
    • Mr. Langton's Galliard
    • Mignarda
    • A Galliard (i g-moll)
    • Mr. Knight's Galliard
    • My Lord Chamberlain, His Galliard (for to personer på en lutt)
    • The Right Honourable The Lord Viscount Lisle His Galliard
    • Round Battle Galliard
    • The Most High and Mighty Christianus The Fourth King of Denmark, His Galliard
    • The Most Sacred Queen Elizabeth, Her Galliard
    • Can She Excuse
    • The Right Honourable Robert Earl of Essex, His Galliard
    • The Lady Rich' Galliard
    • The Right Honourable The Lady Rich, Her Galliard
    • The Earl of Derby' Galliard
    • The Right Honourable Ferdinando Earl of Derby, His Galliard
    • The Right Honourable The Lady Clifton's Spirit
    • Galliard to Lachrimæ
  • Allemander
    • Sir John Smith, his Almain
    • Smythes Allmayne
    • Lady Laiton's Almain
    • An Almain
    • Mrs. White's Thing
    • A Piece Without Title
    • Mrs. Nichols' Almain
    • Mrs. Clifton's Almain
    • Lady Hunsdon's Puffe
  • Giggar og andre stykke i 6/8 takt
    • Mrs. Winter's Jump
    • Mrs. White's Nothing
    • Mrs. Vaux's Jig
    • The Shoemaker's Wife
    • Tarleton's Riserrectione
  • Liedarrangement
    • Come Away
  • Balladearrangementer
    • Orlando Sieepeth
    • Fortune
    • Complainte
    • From My Window
    • Lord Strang's March
    • My Lord Willoughby's Welcome Home
    • Walsingham
    • Aloe
    • Loth to Depart
    • Robin
  • Stykke med usikkert opphav, men kan vere av Dowland:
    • A Fantasia
    • A Fancy
    • A Fancy
    • A Fancy
    • A Dream
    • A Gaillard
    • Mrs. Norrish's Delight
    • A Piece Without Title
    • What If A Day
    • A Coy Toy
    • Tarleton's Jig

Merknadar endre

  1. Fødestaden er ikkje sikker Biografi om Dowland (tysk). Andre kjelder nemner Dalkey ved Dublin som fødestad.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Videoar
Notar