John Garang

sørsudansk politikar

John Garang de Mabior (23. juni 194531. juli 2005) var visepresident i Sudan og tidlegare leiar for opprørsgruppa SPLA (Sudan People's Liberation Army) Han var dinka, frå ein fattig familie.

John Garang

Statsborgarskap Sudan
Fødd 23. juni 1945
Twic East County, Wangkulei
Død

30. juli 2005 (60 år)
New Cush

Yrke politikar, partisan
Språk engelsk, arabisk
Politisk parti Det sudanske folks frigjøringsbevegelse
Religion kristendom
Ektefelle Rebecca Nyandeng De Mabior
Nettstad http://www.splmtoday.com/
John Garang på Commons

Garang studerte økonomi i USA og tok doktorgrad i jordbruksøkonomi der. På 1970-talet slutta han seg til dei militære styrkane i Sudan og steig i gradene til oberstløytnant. I 1983 blei han send til Bor for å slå ned eit mytteri; 500 soldatar frå den sørlege delen av Sudan. I staden starta han en opprørshær, SPLA, som kjempa mot militærstyre og islamistisk dominans. Noko før hadde regjeringa bestemt at den islamske sharia-loven skulle gjelda i hele landet, også i det hovudsakleg ikkje-muslimske Sør-Sudan. Garang oppfordra fleire garnisonar til å gjera opprør. Mytteria markerte byrjinga på den andre borgarkrigen i Sudan, som førte til ein og ein halv million døydde i løpet av tjue år med konflikt.

SPLA fekk støtte frå Libya, Uganda og Etiopia. Styrkane til Garang kontrollerte store delar av den sørlege landsdelen, som han kalla «det nye Sudan».

Garang nekta å delta i interimregjeringa av 1985 eller vala i 1986, og blei verande opprørsleiar. Men i januar 2005 underteikna SPLA og regjeringa ein fredsavtale. Den 9. juli 2005 blei Garang svoren inn som visepresident, rett etter at han og president Omar al-Bashir underteikna ein grunnlov som etablerte ei maktdeling. Garang blei samstundes administrativ leiar for det sørlege Sudan for seks år; etter denne perioden skulle etter avtalen ei folkerøysting i sør ta stilling til eventuelt sjølvstende. Ingen kristen eller sørsudanesar hadde nokon sinne hatt ein så høg regjeringspost.

Garang blei meldt død av SN den 1. august 2005 etter at helikopteret hans hadde havarert dagen før på veg tilbake frå nabolandet Uganda. Ulukka er ikkje sett på som mistenkeleg, men fleire tusen sørsudanesarar protesterte likevel i gatene i Khartoum.