John Singleton Copley

John Singleton Copley (3. juli 17389. september 1815) var ein USA-amerikansk og engelsk målar, fødd i Boston i Massachusetts. Han er særleg kjend for sine portrett av personar i det koloniale New England, framfor alt av menn og kvinner av middelklassen.

John Singleton Copley

Statsborgarskap USA
Fødd 3. juli 1738
Boston
Død

9. september 1815 (77 år)
London

Yrke kunstnar, kunstmålar
Språk engelsk
Far Richard Copley
Mor Mary Singleton
Ektefelle Susannah Farnum Clarke
John Singleton Copley på Commons

Liv og gjerning endre

 
Watson og haien, 1778
 
Gut med flygande ekorn, 1765

Copley var son til ein immigrant frå Irland. Foreldra eigde eit tobakksfirma i Boston. Etter faren var død, gifta mor hans seg i 1748 med Peter Pelham, ein gravør og lærar. Ho og sonen flytta då til eit rolegare og meir respektabelt område av Boston. Copley var 13 år gammal då også stykfaren døydde.

Copley var gift med dotter til ein av dei rikaste forretningsmennene i Boston. I 1774 flytta familien til England. Copley reiste ganske snart vidare til Paris, Genova og Roma, før han vende tilbake til London etter ein ni månader lang rundtur. I den britiske hovudstaden byrja han å spesialisere seg på bilete som skildra historiske hendingar, og fekk medlemskap i den sentrale kunstforeininga Royal Academy of Arts.

Både under den nord-amerikanske og den engelske perioden viste Copley sine evner som målar. Portretta hans var på sett og vis nyskapande, dei søkte å framstille personane med eigenskapar eller trekk som var karakteristiske for liva deira.

Han døydde i 1815 i London. Sonen hans, John Copley, var i si tid britisk lordkanslar.

Kjelder endre