John Wallis (23. november 161628. oktober 1703) var ein engelsk matematikar og teolog. Han var ein av grunnleggarane av the Royal Society.

John Wallis

Fødd23. november 1616
Ashford i Kent
Død28. oktober 1703
Oxford
NasjonalitetKongeriket England
Områdematematikk
Yrkematematikar, matematikkhistorikar, filosof, musikkforskar, musikkteoretikar, cryptologist, universitetslærar, arkivar
InstitusjonarUniversity of Oxford
Alma materEmmanuel College
Felsted School
University of Cambridge
BarnAnne Blencowe, John Wallis
MedlemRoyal Society

Liv og virke endre

 
Opera mathematica, 1699

Wallis var professor i matematikk i Oxford frå 1649 og seinare hoffprest hos Karl II av England. Dei matematiske arbeida hans medverka til å skape grunnlaget for differensialrekninga. I hans Arithmetica infinitorum frå 1655, studerer han uendelege rekkjer og gjev her sitt kjende uttrykk for talet π som eit uendeleg produkt. Av dei andre matematiske arbeida hans finn ein Mathesis universalis frå 1657 og Treatise on Algebra frå 1685, der han utvida det algebraiske teiknspråket, innførte negative eksponentar og introduserte det særskilte teiknet ∞ for uendeleg.[1]

Asteoriden 31982 Johnwallis er kalla opp etter han.

Kjelder endre

  1. «John Wallis» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 25. august 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: John Wallis