Johnn Ravnkilde Hardang (fødd 25. desember 1953) er ein norsk radiopastor og dagleg leiar i P7 Kristen Riksradio. Han har ansvar for programserien Vindu mot livet. Forkynninga hans kan høyrast på meir enn førti lokalradioar rundt i Noreg, 5 dagar i veka. Radioprogramma ligg dessutan tilgjengelege på Internett.

Johnn R. Hardang
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. desember 1953 (70 år)
Yrke pastor, prest

Hardang nyttar 1/3 av arbeidstida på reiseverksemd, med tanke på bibelhelger og evangeliserande opplegg. Han er busett i Straume i Fjell kommune. Han har gjeve ut ei rekkje bøker og hefter, dei fleste på Sambåndet Forlag. Han har tidlegare vore rektor på Bibelskolen Bildøy Bergen.

Bibliografi endre

  • Forventning - Vindu mot livet 2 (Bok. Sambåndet Forlag AS)
  • Fredstanker - Vindu mot livet 1 (Bok. Sambåndet Forlag AS)
  • I møte med Jesus (Bok. Sambåndet Forlag AS)
  • Ingen som Gud (Hefte. Kristen Riksradio/Biblia fjernundervisning)
  • Lyset fra Golgata - Sanger vi aldri glemmer - Vindu mot livet (Bok. Sambåndet Forlag AS)
  • Tre uker med 3,16 (Bok. Sambåndet Forlag AS)
  • Veien (Sambåndet Forlag AS)
  • Våg livet (Hefte. Sambåndet Forlag AS)

Bakgrunnsstoff endre