Jon Ludvig Hammer

norsk sjakkspelar

Jon Ludvig Hammer (fødd 2. juni 1990) er ein norsk sjakkspelar.

Jon Ludvig Hammer


Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. juni 1990 (33 år)
Bergen
Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 2008, Sjakk-OL 2010, Sjakkolympiaden 2014, Sjakkolympiaden 2016

Jon Ludvig Hammer oppfylte 7. januar 2009 krava til å bli utnemnd til Stormeister i sjakk, som den tiande i Noreg, og som den tredje yngste frå Noreg - berre slått av Magnus Carlsen og Simen Agdestein. Han vart offisielt utnemnd til stormeister av Verdssjakkforbundet FIDE den 9. mars 2009.[1] Jon Ludvig Hammer har blitt rekna som eit av dei største sjakktalenta Noreg har hatt, men har kome i skuggen av Magnus Carlsen, som også er fødd i 1990. Hammer blei Nordisk meister i sjakk i 2011 og Noregsmeister i sjakk i 2013, 2017 og 2018.

Stormeister endre

Jon Ludvig Hammer sitt første stormeisternapp kom i turneringa i Capelle la Grande i mars 2007, der han møtte 8 stormeistrar med resultatet 2 sigrar og 6 remisar. Med ein vinst i tillegg vart dette 6 poeng på 9 rundar. Dette var samtidig det tredje IM-nappet som sikra IM-tittelen. Jon Ludvig Hammer blei utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk 25. juni 2007. på vilkår av at han klarte ratingkravet på 2400. Dette hadde han allereie klart, noko som vart bekrefta då FIDE si nye ratingliste vart offentleggjord 1. juli 2007.

Det andre stormeisternappet kom i turneringa XtraCon EMT i Danmark i september 2008, der han tok ein delt førsteplass med 7 poeng på 9 runder.

Det tredje stormeister-resultatet kom i EM for klubblag i Kallithea, Hellas i oktober 2008, med 4,5 poeng på 7 parti og ratingprestasjon på 2611. Dette var likevel ikkje nok til å bli stormeister, då det blir kravd at stormeisterprestasjonane til saman er over minst 27 parti. Og 9 + 9 + 7 = 25.

Det fjerde og avgjerande stormeister-resultatet kom på overtydande vis i Gjøvik Sjakklubb si 100-års jubileumsturnering i årsskiftet 2008-2009. Der vann Jon Ludvig Hammer A-gruppa, framom 10 stormeistrar, med 7 poeng på 9 rundar, eit halvt poeng over stormeisterkravet. Ratingprestasjonen var 2653. Han avslutta med å slå to stormeistrar dei to siste rundane.

For å bli stormeister krevst det at ein har eigen rating på meir enn 2500. Dette kravet har Jon Ludvig Hammer hatt inne sidan FIDE si ratingliste per 1. oktober 2008, då han hadde 2522.

Gode turneringsresultat i 2008 endre

Jon Ludvig Hammer kom på delt førsteplass i Noregsmeisterskapen i sjakk i 2008. Han spelte stikkamp om Noregsmeister-tittelen mot Frode Elsness, men tapte denne.

Jon Ludvig Hammer deltok på det norske landslaget i sjakk-OL (VM for landslag) i 2008, med svært godt resultat, 6 poeng på 10 parti, etter 4 vinstar, 4 remisar og 2 tap, berre eit halvpoeng frå eit stormeisternapp. Ratingprestasjonen var på 2576.[2]

Nummer to i Noreg og topp 10 junior i verda hausten 2009 endre

Per 1.1.2009 hadde Jon Ludvig Hammer 2532 i FIDE-rating. Han var då rangert som nr 5 i Noreg. I løpet av året hadde han fleire gode resultat, og framgang i ratingen: 1. april: 2566. 1. juli: 2583, 1. september: 2585 og 1. november: 2588.

Våren 2009 var han ferdig på vidaregåande, og bestemte seg for å trappe ned på sjakken, og begynte hausten 2009 å studere på Universitetet i Oslo. Han vart likevel med på nokre turneringar, med svært gode resultat. Det beste resultatet kom i Europameisterskapen for landslag i Novi Sad 21-31. oktober 2009, der han spelte på første bord for det norske landslaget, tok 6,5 poeng på 9 rundar mot sterk motstand, og fekk fjerde beste ratingprestasjon i turneringa med 2792.[3] Ikkje stort dårlegare var sigeren i stormeisterturneringa London Chess Classics i desember, der han tok 8 poeng på 9 rundar med ein ratingprestasjon på 2756.[4] Dei gode resultata førte ratingen hans opp til 2626 per 1.1.2010. Dette gav han ein klar andreplass i Noreg, etter Magnus Carlsen, og ein fjerdeplass i Norden, etter Magnus Carlsen (2810), Peter Heine Nielsen, Danmark (2697) og Tomi Nybäck, Finland (2628). Og det gav han også ei plassering som den 10. beste junioren i verda.[5]

Nordisk meister i sjakk 2011 endre

Reykjavik Open i mars 2011 var samtidig nordisk meisterskap i sjakk. I denne turneringa klarte Jon Ludvig Hammer 7 poeng på 9 rundar. Med denne poengsummen vart han beste nordiske spelar, og dermed nordisk meister for 2011.

Noregsmeister i sjakk endre

Jon Ludvig Hammer vann Noregsmeisterskapen i sjakk 2013, 2017 og 2018 med tilhøyrande kongepokalar.

Jon Ludvig Hammer er medlem i Oslo Schakselskap.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. [1]
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 28. februar 2009 
  3. [2]
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 13. desember 2009, henta 17. desember 2009 
  5. FIDE topp 20 juniorar per 1. januar 2010

Bakgrunnsstoff endre