Jonathan Grant Evans, kjend som Jonny Evans, (fødd 3. januar 1988) er ein britisk-nordirsk fotballspelar frå Belfast, som sidan 2018 har gjort teneste i Leicester City. Han er midtstoppar og har per 1.4.2022 delteke i 94 av Nord-Irland sine landskampar sidan landslagsdebuten hausten 2006.

Jonny Evans


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 3. januar 1988 (36 år)
Belfast
Idrett fotball
Tok del i

EM i fotball 2016, UEFA Nations League 2018-2019 divisjon B, Football League Championship 2006–2007, FA-cupen 2006/07, Meisterligaen 2008, 2007–08 Football League Cup, FA-cupen 2007/08, Premier League 2007/08, Meisterligaen 2009, FA-cupen 2008/09, Den engelske ligacupen 2008–2009, FA Premier League 2008/09, Meisterligaen 2010, FA-cupen 2009/10, Den engelske ligacupen 2009–2010, Premier League 2009/10, Meisterligaen 2011, FA-cupen 2010/11, 2010–11 Football League Cup, Premier League 2010/11, FA-cupen 2011/12, 2011–12 Football League Cup, Premier League 2011/12, Europaligaen i fotball for menn 2011/12, Meisterligaen 2013, FA-cupen 2012/13, 2012–13 Football League Cup, Premier League 2012/13, Meisterligaen 2014, FA-cupen 2013/14, 2013–14 Football League Cup, Premier League 2013/14, FA-cupen 2014/15, 2014–15 Football League Cup, Premier League 2014/15, FA-cupen 2015/16, Premier League 2015/16, Premier League 2016/17, 2017–18 FA Cup, 2017–18 EFL Cup, Premier League 2017/18, Premier League 2018/19, 2018–19 FA Cup, 2018–19 EFL Cup

Klubbspel endre

Evans var knytt til Manchester United frå unge år. Hausten 2006 var han utlånt til belgiske Royal Antwerp, frå vinteren 2007 til våren 2008 gjorde han for det meste teneste i Sunderland AFC. Evans fekk sin ligadebut i Manchester United-drakt 21. september 2008. Dei neste sju sesongane tok han plass i midtforsvaret både jamnt og ujamnt, flest ligakampar deltok han i i 2011/12-sesongen. Både i 2009 og 2011 var han med om å vinne ligacupfinalen, dessutan fekk han med seg tre triumfar i Premier League før han i august 2015 vart overført til West Bromwich Albion. Her var Evans fast i fyrsteellevaren i tre år, ein periode som enda med nedrykk til nivå 2. Sommaren 2018 skreiv han kontrakt med Leicester City. 15. mai 2021 sikra han og eit historisk Leicester-mannskap klubbens fyrste FA-pokal.

Landslagsspel endre

Evans landslagsdebuterte 6. september 2006, då Nord-Irland på heimebane slo Spania 3 – 2 i EM-kvalifiseringskamp. Han spelte alle fire kampane då Nord-Irland deltok i Fotball-EM 2016 i Frankrike, ei turnering der laget rauk ut etter tap 0–1 mot Wales. I april 2022 står han bokført med 94 landskampar og 4 landslagsmål.

Merittar endre

  • Engelsk ligameister: 2009, 2011, 2013 for Manchester United
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 2009 og 2011 for Manchester United
  • Vinnar av FA-cupen: 2021 for Leicester City

Kjelder endre