Jordas dag (engelsk Earth Day) er ein årleg dag med arrangement over heile verda til støtte for miljøvern. Han er no koordinert globalt av Earth Day Network, og vert feira i meir enn 192 land kvart år.

Det uoffisielle flagget til jorda, av John McConnell: bilete av jorda, teke frå Apollo 17 7. desember 1972, på ein blå bakgrunn.

Namnet og konseptet med Earth Day vart utvikla av John McConnell i 1969 på ein UNESCO-konferanse i San Francisco. Han foreslo 21. mars 1970, den første dagen av våren på den nordlige halvkula. Denne dagen vart seinare godkjend i ei erklæring underteikna av generalsekretær U. Thant i SN. Ein månad seinare vart ein eigen Earth Day grunnlagt av den amerikansk senatoren Gaylord Nelson og arrangert for første gong 22. april 1970. Sjølv om denne dagen først hadde fokus på USA, tok ein organisasjon lansert av Denis Hayes, som var den opphavlege nasjonale koordinatoren i 1970, og gjorde han internasjonal i 1990 og organiserte arrangement i 141 land.

Bakgrunnsstoff endre