Jordforureining eller grunnforureining er forureining av jord og lausmassar med tilhøyrande grunnvassførekomstar. Forureininga kan vere miljøgifter som tungmetall, forskjellige petroleumsprodukt, radioaktive stoff og plantevernmiddel. Stoffa trengjer ned i grunnen frå tankar eller røyr i samband med mellom anna industriverksemd, gruvedrift, avfallsdeponi og fyllplassar.

Utgraving som syner jordforureining ved eit nedlagd gassverk.

Forureininga kan føre til helsefare både gjennom direkte kontakt med den forureinina jorda, ved at giftstoffa vert spreidde via jorda til grunnvatnet eller ved utveksling mellom sediment og omliggande vatn . I seinare tid har ein særleg vorte merksam på PCB (polyklorerte bifenylar) som vart nytta i mange produkt som isolerglasruter, kondensatorar og måling og som kan samle seg som ei alvorleg forureining i jord, sedimentære avleiringar og sjøbotn. Sidan 1980 har stoffet vorte rekna som ei miljøgift og vore forbode.

Klima- og forureiningsdirektoratet (SFT) i Noreg kartlegg forureina grunn og tiltak i samband med jordforureining. Målet er å redusere ytterlegare forureining, å redusere spreiingsfaren av eksisterande forureining og redusere helsefaren for folk og dyr. Av tiltak finn ein reinsing av jorda lokalt eller i spesielle anlegg, tildekking og isolering på staden, eller oppgraving og ny deponering under kontrollerte tilhøve.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre