Jorge Luis Borges

Jorge Luis Borges (24. august 189914. juni 1986) er ein sentral forfattar i argentinsk litteratur og var direktør for Det argentinske nasjonalbiblioteket frå 1955 til 1973.

Jorge Luis Borges

Pseudonym B. Suarez Lynch, H. Bustos Domecq
Statsborgarskap Argentina
Fødd 24. august 1899
Buenos Aires
Død

14. juni 1986 (86 år)
Genève

Yrke omsetjar, bibliotekar, litteraturkritikar, manusforfattar, skribent, lyrikar, kommentator, essayist
Språk spansk
Sjanger dikt, novelle, essay
Medlem av American Academy of Arts and Sciences, Bayerische Akademie der Schönen Künste, American Academy of Arts and Letters
Far Jorge Guillermo Borges
Mor Leonor Acevedo Suárez
Ektefelle Elsa Astete Millán, María Kodama
Signatur
Jorge Luis Borges på Commons

Biografi endre

Borges var fødd i Buenos Aires i Argentina og fekk namnet Jorge Francisco Isidore Luis Borges Acevedo. Både farmor og mor var engelske, faren underviste i filosofi og psykologiengelsk og engelsk vart mykje brukt i heimen. Jorge Luis vart derfor tospråkleg. Frå 1914 av heldt han seg i Sveits og Spania i mange år, der han blant anna lærte seg tysk språk, latin og fransk. Han var kjend med nordisk sagalitteratur, kinesisk litteratur, antikken, den tyske mellomalderen, det gamle Fjerne austen og Kabbalaen.

Frå 1955 var Borges direktør for Det argentinske nasjonalbiblioteket, og sjølv om han vart blind allereie i 50-årsalderen, hindra det ikkje han i å vere aktiv som forfattar i fleire tiår med hjelp frå vennar.

Borges døydde i Génève i Sveits.

Arbeidet endre

Jorge Luis Borges er mest kjend for sine fantastiske forteljingar. Fiksjonen i forteljinga er lærd og presis i språket. Historiene handlar gjerne om det karakteristiske for tida, det uendelege, speglingar, encyklopediar og andre labyrintar, røynda og identiteten åt personar – ofte med personane plassert i fantastiske samanhengar. Forteljingane dreier seg om livet i Sør-Amerika, soger om folkeheltar, soldatar, gauchoar, detektivar eller historiske personar i ei blanding av realitet og fantasi.

Tlön, Uqbar, Orbis Tertius gjev eksemplar på koss forskjellige realitetsplan vert blanda og vil påverke verda. Borges går her inn som en del av same tradisjon som J.R.R. Tolkien og C.S. Lewis, nemleg eit seriøs arbeid med den fantastiske realismen.

I Umberto Eco sin roman Rosas namn opptrer figuren Jorge av Burgos, ein klosterbibliotekar, som er inspirert av Borges.

Han har i løpet av karrieren omsett fleire bøker og verk. I tillegg til eigne verk, har han utgjevingar under pseudonym som B. Suarez Lynch og H. Bustos Domecq i samarbeid med Adolfo Bioy Casares.

Kjende forteljingar endre

  • La Biblioteca de Babel (1941)
  • Tlön, Uqbar, Orbis Tertius (1944)
  • El Jardin de senderos que se bifurcan (1944)
  • El Aleph (1949)

Vektige verk endre

  • Inquisiciones (1925)
  • Discusión (1932)
  • Poemas (1943)
  • Ficciones (1956) - norsk utgave: Labyrinter (1964, ny utgåve 1993)
  • El Hacedor (1960)
  • El informe de Brodie (1970)
  • El oro de los tigres (1972)
  • El libro de arena (1975)
  • Libro de sueños (1976)

Skrivne saman med andre endre

  • Antología de la litteratura fantástica (1941 med Bioy Casares)
  • Introducción a la litteratura norteamericana (1967)
  • ¿Qué es el Budismo? (1977 med Alicia Jurado)

Omsettingar endre

Borges omsette i løpet av karrieren hovudverk at mange forfattarar til spansk. Blant dei kan ein nemne:

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre