Josquin des Prez (fødd mellom 1450 og 1455, død 27. august 1521) eller Josse Praetensis er den mest vidgjetne komponisten av den flamske skolen, og truleg den som er mest forska på i seinare år. Stilen hans er gjennomgripande og sette standard for kyrkjemusikken1500-talet.

Josquin des Prez

Tresnitt av Josquin frå 1611, kopi av eit bilete som vart laga medan han levde.
Føddca. 1450
Fødestadi Hainaut i Belgia
Død27. august 1521
DødsstadCondé-sur-l'Escaut i Frankrike
OpphavHabsburg Netherlands, Frankrike
Aktiv1489-1514
SjangerRenessansemusikk
Verka somKomponist

Liv og verk endre

Det er mange gissingar og gåter knytt til Josquin og livet hans. Det har vore sagt at alt ein trudde forskarane visste, har synt seg å vera gale. Verk som var rekna til han, er no lagt til andre komponistar. Ein går utfrå at han vart fødd mellom 1450 og 1455. Ein har ikkje alltid vore like samd om fødselstidspunktet. 1450-1455 var likevel estimatet før 1960-åra, då fann den belgiske musikkforskaren Claudio Sartori fleire dokument som omhandla ein mann ved namn Judochus de Picardia eller Juschinus de Frantia, som var tilsett som biscantor ved domkyrkja i Milano i 1959. Biscantor var ei nemning nytta på vaksne korsongarar, og ein rekna difor med at fødselsåret måtte forskuvast omtrent ti år tilbake, til 1440. Det var først i 1998 ein fann ut at den omtalte personen ikkje var Josquin des Prez, og etter dette har ein ikkje funne andre grunnar til å tvile på 1450-1455 som det omtrentlege fødselstidspunktet, mellom anna fordi hans tidlegaste dokumenterte aktivitet som musikar finn stad i 1475. Han skal ha vore korgut i st. Quentin, og studert under Johannes Ockeghem frå Flandern. Det finst rett nok ingen samtidige kjelder som prover dette forholdet, sjølv om Josquin skreiv ein minnemotett over Ockeghem, noko som tyder på at Josquin har akta han høgt.

Ut på vegen endre

Mange av komponistane i samtida laut oftast reise frå hoff til hoff og frå kyrkje til kyrkje etter arbeid. Frå 1476 gjorde Josquin det same. Samstundes vert han borte frå dei offentlege løningslistene. Han har truleg vore i kontakt med Ascanio Sforza før han han gjekk i teneste hjå paven i 1489. Her heldt han seg til om lag 1500. To år etter finst det dokument som syner at han var i Frankrike, truleg knytt til kong Ludvig XII.

Ferrara endre

I Ferrara vart han tilsett som kapellmeister for fyrst Ercole d`Este, og no kjem han fram i det historiske lyset. Det vart mellom anna skrive om han at han var noko vrang av seg, og ein skrivar tilrådde fyrsten å heller tilsette Heinrich Isaac: «Det er sant at Josquin er ein betre komponist, men han skriv som han vil, og ikkje når han vert beden, og han ber om ei løn på 200 dukatar der Isaac ikkje bed om meir enn 120...»

Det vart til at Josquin fekk jobben.

Condé endre

Dei siste åra Josquin levde var han tilsett ved katedralen i Condé (no Condé-sur-l'Escaut), og her vart han prost. Mykje av den beste musikken han skreiv vart til medan han arbeidde her. No var han rekna som ein av dei fremste komponistane i samtida, og Martin Luther skreiv om han: «Josquin er ein meister med notar, og dei yttrykkjer det han ønskjer av dei; elles lyt dei fleste korkomponistar gjera det notane bed dei om».

Verk endre

 
Noter til «Agnus Dei» frå den eldste Missa L'homme armé super voces musicales av Josquin des Prez.

Josquin er kanskje den første komponisten som verkeleg vert rekna som klassisk komponist i musikkhistoria, skriv Allan W. Atlas. Det er på si side eit problem med dateringa av verka til Josquin. Han braud seg ikkje støtt om å halde orden på årstala. Attåt kan ein rekne med at nokre av verka hans kan vera skrivne av andre. Josquin-forskninga er difor ein svært vrien disiplin.

Med Josquin skifte polyfonien retning og vart meir attkjenneleg. Josquin slutta til dømes å leggje to tekster oppå einannan, slik det hadde vore vanleg til då (nota til Missa Pange Lingua held dette ope, i alle høve i siste sats). Di meir, hadde det vore vanleg å leggje cantus firmus i ei røyst (til dømes tenor), medan Josquin byrja med å skifte melodien mellom dei ulike stemmene, og slik skape ein ny polyfoni, som peikar meir mot klassisk imitasjonsteknikk (parafrasemesse). Frasene til Josquin er enklare, og han held seg borte frå vrange rytmiske figurar, som hadde kjennetekna musikken i heile 1400-talet. Han sette truleg standard for den vidare utviklinga fram mot Palestrina ein generasjon seinare.

Josquin skreiv ei rekkje messer, mange hundre motettar, ei bråte madrigalarfransk og italiensk, og nokre mindre songar, truleg med folketone-forelegg, mest på fransk.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Josquin des Prez

Kjelder endre

  • Fallows, David. Josquin. Turnhout: Brepols Publishers, 2009, ISBN 978-2-503-53065-9
  • Allan W. Atlas: Renaissance Music. London 1998.