Jotunheim eller Jøtunheim (norr. Jǫtunheimr) var i norrøn gudelære staden der jotnar og andre vesen heldt til. Staden skulle finnast utanfor Åsgard og Midgard, og inneheldt borga Utgard. Ei anna oppfatting er at Jotunheim var ein mindre del av Utgard.

Det norske fjellområdet Jotunheimen er kalla opp i moderne tid etter sogestaden, og har ikkje noko med jotneheimane i førkristen mytologi å gjere.

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.