Jozjef Sabo
Jozjef Jozjefovitsj Sabo (fødd 29. februar 1940) er ein tidlegare fotballspelar og -trenar frå Uzjhorod i vestlege Ukraina, etnisk ungarar. Han hadde suksess med Dynamo Kiev og det sovjetiske landslaget. Landslagssjef for Ukraina i 1994 og 1996-99.
Jozjef Sabo | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Ungarn, Ukraina |
Fødd | 29. februar 1940 (84 år) Uzjhorod |
Idrett | fotball |
Tok del i | |
Utmerkingar |
3. klasse av Ukrainas fortjenesteorden, 2. klasse av Ordenen for fortjenester, 1. klasse av Ordenen for fortjenester, Idrettens mester i Sovjetunionen |
Klubbspel endre
Sabo var aktiv for Dynamo Kiev frå 1959 til -69. Med storklubben frå Kiev vann han seriemeisterskapen fire gongar, mellom anna tre sesongar i rad, 1966-68. Dessutan vann Dynamo Kiev og Sabo den sovjetiske cupfinalen i fotball i 1964 og 1966. År 1970 spelte Sabo for Zorja Vorosjilovgrad, før han avslutta spelet på bana med Dynamo Moskva i 1971 og 1972. I mai 1972 var han kaptein då laget frå Moskva tapte finalen i Cupvinnarcupen med 2-3 mot Rangers FC frå Glasgow i Skottland.
Landslagsspel endre
Sabo spelte 34 landskampar over ein periode på to og eit halvt år frå oktober 1965. Der etter var han ute av landslaget til det var klart for Sommar-OL i München i 1972, med unnatak for ein EM-kvalifiseringskamp mot Spania 30. mai 1971. Sabo var på plass i fire av Sovjetunionen sine VM-kampar i 1966 og fem av OL-kampane i 1972. Både i verdsmeisterskapen og sommarleikane tok Sovjet-mannskapet seg til bronsefinale, begge finaleoppgjera såg Sabo frå sidelinja. I alt deltok han i 40 landskampar og skåra 8 mål.
Merittar endre
- OL-bronse: 1972 for Sovjetunionen
- VM-firar: 1966 for Sovjetunionen
- Sovjetisk seriemeister: 1961, 1966, 1967 og 1968 med Dynamo Kiev
- Sovjetisk cupmeister: 1964 og 1966 med Dynamo Kiev
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «József Szabó (Fußballspieler, 1940)» frå Wikipedia på tysk, den 6. mai 2019.