Juan Alberto Schiaffino

uruguayansk fotballspelar

Juan Alberto Schiaffino Villano (28. juli 192513. november 2002) var ein uruguayansk-italiensk fotballspelar frå Montevideo som vart verdsmeister i 1950 med Uruguay. Han var elles ein særs kreativ spelstyrar frå sin posisjon som indreløpar i Penarol og seinare på AC Milan. Schiaffino vert rekna som tidenes beste uruguaynske fotballspelar.

Juan Alberto Schiaffino
Juan Alberto Schiaffino i 1960
Fødd 28. juli 1925
Fødestad Montevideo
Død 13. november 2002
Dødsstad Montevideo
Verdsmeisterlaget 1950 med Schiaffino sitjande som nummer tre frå høgre

Uruguay endre

Schiaffino debuterte på Penarol i 1943. Perioden 1949-54 var han med å vinne fire seriemeisterskap med laget frå heimbyen. Han fekk sin landslagsdebut i 1946 og spelte alle Uruguays fire kampar under Fotball-VM 1950 i Brasil. I den siste og avgjerande kampen mot vertslandet Brasil skåra han det fyrste av Uruguays to mål i ein kamp som enda med siger 2-1 og Urugyas andre VM-tittel. I 1954 deltok han under verdsmeisterskapen i Sveits der han spelte sin 21. og siste landskamp og skåra sitt 8. og siste landslagsmål i kvartfinalen mot England. Meisterskapen enda med at Uruguay tapte bronsekampen mot Austerrike 1-3.

Italia endre

Frå hausten 1954 til 1960 spelte Schiaffino på det italienske storlaget AC Milan, eit lag han vann tre ligameisterskap med. Perioden 1954-58 spelte han fire landskampar for Italia, grunngjeve med at farfaren var ein utvandrar frå Liguria. I 1960 gjekk han over til AS Roma. Han la opp i 1962.

Sidan flytta han heim til Montevideo.

Merittar endre

  • Verdsmeister: 1950 med Uruguay
  • Uruguaynsk seriemeister: 1949, 1951, 1953 og 1954 med Penarol
  • Italiensk seriemeister: 1955, 1957 og 1959 med AC Milan

Kjelder endre