Juan Cabanilles

spansk komponist

Juan Bautista José Cabanilles (6. september 164429. april 1712), òg Juan Bautista Josep eller katalansk Joan, var ein spansk organist og komponist i Valencia domkyrkje i Spania. Han vert av mange rekna som den største spanske barokkomponisten og stundom kalla den spanske Bach.

Juan Cabanilles

Fødd6. september 1644
FødestadAlgemesi nær Valencia
Død29. april 1712 (67 år)
DødsstadValencia
FødenamnJuan Bautista José Cabanilles
OpphavKongemakta Aragón
PeriodeBarokken
SjangerKlavermusikk
Instrumentorgel
Verka somKomponist

Biografi endre

Cabanilles starta truleg den musikalske karrieren sin som songar i eit kor i ei lokal kyrkje. Seinare studerte han for å verte prest i domkyrkja i Valencia, der han òg tok timar i musikk. Den 15. mai 1665, 20 år gammal, vart han assisterande organist i domkyrkja. Eit år seinare, då forgjengaren døydde, vart han så hovudorganisten. Den 22. september 1668 vart han ordinert til prest. Han heldt stillinga som organist i kyrkja i 45 år, men frå 1703 skranta helsa hans og ein måtte finne ein erstattar. Frå 1675 til 1677 tok han òg over som lærar for borna i domkyrkjekoret.

Verk endre

Mange av komposisjonane til Cabanilles er virtuose og avanserte for si tid, men generelt høyrer han til i den spanske orgeltradisjonen som følgde mønstera frå 1500-talet. Mesteparten av manuskripta hans finst i dag i Biblioteca de Catalunya i Barcelona. Fleire komposisjonar for orgel (tientoar, toccataer, passacagliaer, og andre verk) har overlevd, samt fleire verk for kor opp til 13 stemmer.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre