Jubilee River er ei kunstig elv som vart bygd i 1990-åra for å føra flaumvatn frå Themsen rundt Maidenhead, Windsor og Eton. Ho er menneskeskapt, men vart laga slik at ho ser ut som og oppfører seg som ei naturleg elv. Ho kan klassifiserast som ein kanal, men vert normalt rekna som ei elv.

Jubilee River
elv
Dorney-brua over Jubilee River
Land  Storbritannia
Lengd 11,6 km
Kjelde Themsen i Berkshire og Buckinghamshire
Munning Themsen i Berkshire
Kart
Jubilee River
51°29′26″N 0°35′35″W / 51.490555555556°N 0.59305555555556°W / 51.490555555556; -0.59305555555556
Wikimedia Commons: Jubilee River

Langs breidda gjev ho eit gunstig miljø for ein variert fauna, som ein håper kan erstatte noko av dei områda langs Themsen som har gått tapt på grunn av urbanisering.

Kjelder endre