Judith Drake (verka frå 1670-talet til 1723) var ein engelsk intellektuell og forfattar som verka i åra rundt 1700. Ho høyrde til ein gruppe intellektuelle, forfattarar og filosofar som også omfatta Mary Astell, lady Mary Chudleigh, Elizabeth Thomas, Elizabeth Elstob, Lady Mary Wortley Montagu og John Norris.[1] Ho var gift med James Drake F.R.S., ein lege og forfattar av Tory-pamflettar.[2] Ho er hugsa innan feministisk litteraturhistorie for An Essay in Defence of the Female Sex frå 1696.[3]

Bakgrunn endre

Då Judith Drake og andre intellektuelle i sirkelen hennar byrja å skriva, var dei framleis ein minoritet og gjenstand for mykje kritikk. Ein hadde nyleg løyst opp sensuren for trykte bøker. Nokre få kvinner nytta dette høve til å gje ut verker om tilhøve mellom kjønna. Både innsatsen deira og auken i kvinneleg lesekunne førte den litterære verda inn i debatten om kvinner.[4]

An Essay in Defence of the Female Sex endre

Den fullstendige tittelen til Drake sitt Essay er An Essay in Defence of the Female Sex, In Which are Inserted the Characters of a Pendant, a Squire, a Beau, a Vertuoso, a Poetaster, a City-Critick, &C., in a letter to a lady. Det blei gjeve ut i London av Roper and E[lizabeth] Wilkinson i 1696, med forfattaren berre nemnd som «a Lady». I mange år blei verket tilskrive Mary Astell, som levde på same tid som Drake og gav ut A Serious Proposal to the Ladies og andre verk. Seinare er Drake blitt fastslått som forfattar. Namnet hennar står oppført som forfattar i ein Curll-katalog gjeven ut etter 1741, og den andre utgåva av essayet inneheldt eit dikt til forfattaren av James Drake.[5]

Essay har form som eit brev til ei venninne. Det utgjev seg for å vera inspirert av ein samtale mellom fleire kvinner og menn. Drake konstruerte fyrst det rasjonalistiske rammeverket som blei brukt på den tida for å forklare den intellektuelle underlegenheita til kvinner, spesielt ved å bruke John Locke sitt An Essay Concerning Human Understanding. Ho heldt fram med å visa at denne grunngjevinga var utdatert, og i den meir moderne samtida hennar ville kvinner dra nytte av større kunnskap. Berre to verk som brukte denne typen rasjonalistiske argument var blitt brukt for eit feministisk argument før dette, og berre eitt av dei var skrive på engelsk. I tillegg til rasjonelle argumenta, skreiv Drake også skisser av ulike stereotypar blant menn: the Pedant, Country Squire, the News-monger, the Bully, the City-Critick og the Beau. Ho brukte desse skissene til å minna lesarane om at menn også hadde dårskap.[6]

Det siste argumentet til Drake involverte den «nye vitskapen» i samtida. Ho snakka med legar som fortalde henne frå sine studiar av anatomi og korleis menneskekroppen fungerte at det ikkje var nokon fysisk forskjell mellom menn og kvinner i nokon del av kroppen som var relatert til eller påverka sinnet. Drake gav også eit døme frå naturen på mannlege og kvinnelege dyr som viste lik visdom i handlingane sine. Frå å studera skilnadane i åtferd mellom klassar, la ho til at sosioøkonomisk nivå var meir sannsynleg å gjera ein forskjell i intelligens mellom to personar enn kjønn. Ein mann og ei kvinne frå same bakgrunn er meir like i evner enn to menn, den eine ein velståande herre og den andre ein fattig bonde. Frå hennar konklusjonar om kapasiteten til det kvinnelege intellektet antyder Drake at kanskje kvinner var skapte som det svakare karet fordi dei var meinte å tenkja, medan sterkare menn var meinte for handling. Kvifor kunne ikkje kvinner gjera slike jobbar som rekneskap, som involverte mental kapasitet og ikkje fysisk arbeid?[7] Med kombinasjonen sin av tory-idear og locke-filosofi skipa Drake ein tidleg visjon frå opplysingstida om samfunnsroller der kvinner kunne hjelpa til med å ordna usikkerheita i samfunnet i samtida.[8]

Mange av tankane til Drake minna om dei til andre feministiske forfattarar i samtida hennar. Drake skriv til dømes i Essay at «Women, like our Negroes in our western plantations, are born slaves, and live prisoners all their lives». Liknande tankar blei seinare fremja av Mary Astell og Mary Chudleigh.[9] Innan eit ekteskap var kvinna si rolle ofte ikkje meir enn å vera ein tenar for ektemannen og interessene hans. Samla sett sluttar arbeidet hennears seg til det skrivande kvinner var mest opptekne av i samtida: utdanning.

Drake blei angripen av Swift, Centlivre og Cibber. Ein kjenner ikkje til nokon andre verk av Drake. Det er likevel mogleg at ho kan ha gjeve ut andre verk under andre pseudonym, slik mange andre kvinner gjorde.[10]

Kjelder endre

  1. Sowaal, Alice. "Mary Astell." Stanford Encyclopedia of Philosophy. (2005) 16 December 2006 <http://plato.stanford.edu/entries/astell/>.
  2. Bridget, Hill. «Drake, Judith». Oxford Dictionary of National Biography (online utg.). Oxford University Press. doi:10.1093/ref:odnb/37370. 
  3. Smith, Hannah (2001). «Abstract: English 'Feminist' Writings and Judith Drake's An Essay in Defence of the Female Sex (1696)». The Historical Journal. Cambridge University Press. 
  4. Eales, Jacqueline (1998). Women in Early Modern England, 1500–1700. UK: Routledge. 
  5. Seller's description of a 1696 copy of "Drake's An Essay in Defence...", Second Life Books, Inc. Bibliopoly. 18 December 2006 «Archived copy». Arkivert frå originalen 19 October 2007. Henta 19. desember 2006. 
  6. Seller's description of a 2nd edition (1696) copy of Drake's An Essay in Defence of the Female Sex. Liber Antiquus, Paul M. Dowling, proprietor, Washington, D.C. 18 December 2006 «Archived copy». Arkivert frå originalen 23 October 2006. Henta 19. desember 2006. 
  7. Seller's description of a 2nd edition (1696) copy of Drake's An Essay in Defence of the Female Sex. Liber Antiquus, Paul M. Dowling, proprietor, Washington, D.C. 18 December 2006 «Archived copy». Arkivert frå originalen 23 October 2006. Henta 19. desember 2006. 
  8. Smith, Hannah. "Abstract: English 'Feminist' Writings and Judith Drake's An Essay in Defence of the Female Sex (1696)." The Historical Journal. Cambridge University Press, 2001. 18 December 2006 <http://journals.cambridge.org/action/displayAbstract?fromPage=online&aid=85583>.
  9. Maddocks, Melvin. "She-Soldiers and Acid Tongues: A review of The Weaker Vessel by Antonia Fraser." Time. 17 September 1984. Accessed 18 December 2006 <>.
  10. Seller's description of a 1696 copy of "Drake's An Essay in Defence...", Second Life Books, Inc. Bibliopoly. 18. desember 2006 «Archived copy». Arkivert frå originalen 19 October 2007. Henta 19. desember 2006.